Robert Southey (2. august 177421. mars 1843) var ein engelsk diktar av den romantiske skulen, og ein av dei såkalla «Lake Poets». Sjølv om han ikkje er så namngjeten som til dømes sin samtidige William Wordsworth, så er diktinga hans framleis populær.

Robert Southey

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 12. august 1774
Bristol
Død

21. mars 1843 (68 år)
Keswick i Cumbria

Yrke skribent, lyrikar, historikar, biograf, politikar, omsetjar
Medlem av Lake Poets, American Antiquarian Society, Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Far Robert Southey
Mor Margaret Hill
Ektefelle Edith Fricker, Caroline Anne Southey
Born Margaret Edith Southey, Edith May Southey, Herbert Castle Southey, Emma Southey, Bertha Southey, Katherine Southey, Isabel Southey, Charles Cuthbert Southey
Robert Southey på Commons

Han vart fødd i Bristol og utdanna ved Westminster School (som han vart utvist frå fordi han hadde skrive ein artikkel som fordømde pisking), og Balliol College i Oxford (om denne tida i Oxford sa Sothey seinare at «alt eg lærte var litt symjing og litt båtaktivitet»). Etter å ha eksperimentert med eit skrivepartnerskap med Samuel Taylor Coleridge, gav han ut si første diktsamling i 1794. Same året drøfta han, Coleridge og nokre andre om dei skulle etablere eit idealistisk fellesskap i Amerika. Sidan planla dei å skipe dette kollektivet i Wales, men gav til slutt opp ideen.

Kona til Southey, Edith, var syster til kona til Coleridge. Southey-familien sette bu i Greta Hall i Keswick i Lake District, og levde på ei lita inntekt. Frå 1809 skreiv han for Quarterly Review, og i 1813 hadde han vorte så kjend at han vart utnemnd til Poet Laureate.

I 1819 vart Southey venn med sivilingeniøren Thomas Telford, og slutta seg til han på ein lang reise for å sjå på ymse prosjekt i Dei skotske høglanda. Southey førte dagbok og skreiv ned observasjonane sine.

I 1838 døydde Edith, og Southey gifta seg med Caroline Anne Bowles, som også var diktar. Mange av dikta til Southey blir framleis lesne av skulebarn. Dei best kjende er «The Inchcape Rock» og «After Blenheim», som truleg er eit av dei første antikrigsdikta som finst.