Robert Walpole

britisk politikar

Robert Walpole, 1. jarl av Orford (26. august 167618. mars 1745), før 1742 kjend som sir Robert Walpole, var ein britisk statsmann som generelt vert rekna som den første statsministeren i Storbritannia. Sjølv om stillinga «statsminister» ikkje var lovfesta eller i offislell bruk på denne tida vert Walpole likevel rekna for å ha dette embetet i røynda på grunn av den store innverknaden han hadde i den britiske regjeringa.

Robert Walpole

Fødd26. august 1676
Houghton
Død18. mars 1745 (68 år)
Statsborgar avKongeriket England, Kongeriket Storbritannia
PartiWhigpartiet
Yrkepolitikar, kunstsamlar
Utdanna vedKing's College
Eton College
MorMary Burwell
FarRobert Walpole
EktefelleMaria Walpole, Catherine Walpole
BarnHorace Walpole, Robert Walpole, Edward Walpole, Katherine Walpole, Mary Walpole, Maria Walpole
MedlemDet kongelige råd
VervStatsminister i Storbritannia
EtterfylgjarSpencer Wilmington
Alle verv
  • Storbritannias finansminister (1721 (etter den julianske kalenderen) – 1742 (etter den julianske kalenderen))
  • britisk statsminister (1721 (etter den julianske kalenderen) – 1742)
  • medlem av Englands parlament
  • member of the 1st Parliament of Great Britain
  • member of the 2nd Parliament of Great Britain
  • member of the 3rd Parliament of Great Britain
  • member of the 4th Parliament of Great Britain
  • member of the 5th Parliament of Great Britain
  • member of the 6th Parliament of Great Britain
  • member of the 7th Parliament of Great Britain
  • member of the 8th Parliament of Great Britain
  • member of the 9th Parliament of Great Britain
  • Member of the 1701 Parliament
  • Member of the 1701-02 Parliament
  • Member of the 1702-05 Parliament
  • Member of the 1705-07 Parliament
  • leder av Underhuset (1721–1742)
  • medlem av Overhuset Sjå dette på Wikidata

Han høyrte til Whig-partiet og vart først vald i 1701. Walpole tente under regjeringstida til Georg I og Georg II. Regjeringstida hans vert ofte datert frå 1721 då han vart finansminister (First Lord of the Treasury). Andre reknar perioden frå 1730 då Lord Townshend pensjonerte seg og han vart den einerådande regjeringssjefen. At somme reknar at perioden hans starta i 1721 kjem av at pressa på denne tida fokuserte langt meir på Walpole enn på motpartane hans. Walpole sat i regjeringa til han trekte seg tilbake i 1742 etter nederlaget i slaget ved Cartagena. Dette gjer regjeringstida hans til den lengste i britisk historie.

Han var far til forfattaren Horace Walpole.

Kjelder endre