Rodger Bain (f. ca. 1945) er ein britisk tidlegare plateprodusent som er kjend som produsent på heavy metal-album av band som Black Sabbath og Judas Priest i 1970-åra.

Rodger Bain
Fødd1945 (79 år)
OpphavStorbritannia
Verka sommusikkprodusent, komponist

Karriere endre

Han var produsert for dei tre første albuma til Black Sabbath, dei to førte albuma til Budgie, debutalbumet til Judas Priest, Rocka Rolla, og debutplata til Wild Turkey, Battle Hymn. Bain dominerte produksjonen på debutplata til Priest og tok mange avgjersler som bandet ikkje var samde i.[1]

Han produserte òg Judas Priest-albumet Hero, Hero, eit album som ikkje var autorisert av bandet, men då bandet braut kontrakten med Gold Records,, så måtte dei gje frå seg dei originale innspelingane til selskapet.

I 1981 skipa han sitt eige plateselskap kalla Blue Chip/Cygnet Records og signerte band som The Kicks. Han produserte seinare Barclay James Harvest, og dei to første albuma deira for Polydor, Everyone Is Everybody Else og Barclay James Harvest Live.

Kjelder endre

  1. Judas Priest Info Pages - Rocka Rolla, arkivert frå originalen 16. oktober 2007, henta 11. september 2016