Rodney District ligg heilt nord i Regionen AucklandNew Zealand, og vart danna i 1989 ved samanslåing av Helensville og Rodney County. Administrasjonssenteret i distriktet er Orewa, og distriktet omfattar Kawau Island i nord. Distriktsstyret er leia av ein ordførar og tolv rådsmedlemmer.

Rodney District
Land  New Zealand
Kart
Rodney District
36°32′20″S 174°31′41″E / 36.539°S 174.528°E / -36.539; 174.528
Wikimedia Commons: Rodney District

Rodney strekkjer seg frå dei imponerande svarte vulkanske sandstrendene ved Muriwai i vest til til fritidsområda på Hibiscus Coast («Hibiscuskysten») i aust. Området omfattar ei rekkje offentlege friområde. På austspissen til halvøya Whangaparaoa Peninsula ligg friområdet Shakespear Regional Park, og nord for Orewa ligg Wenderholm Regional Park og Mahurangi Regional Park. Goat Island marine reservat, også kalla Cape Rodney til Okakari Point marine reservat, var det første marine reservatet på New Zealand, og vart opna i 1977. Det dekkjer ei kystlinje på om lag fem km, når 800 m ut i sjøen, og har eit areal på fem km², der alt marint liv innanfor er verna.

Byane sør i distriktet har vorte «sovebyar» til Auckland som dei har motorvegsamband med, sjølv om dei har teke vare på sin opphavlege karakter som frititdsstader. Lenger nord er bygdene meir landlege. Somme av desse er kjende for sine lokale særtrekk, som til dømes Puhoi for ysteriet sitt, eller Waiwera med dei geotermiske varme kjeldene sine. Warkworth er ein god utgangsstad for å oppleva kyststrekninga Kowhai Coast, med den historiske øya Kawau Island.

På vestsida av Rodney er den naturlege hamna Kaipara Harbour den dominerande landskapsformasjonen. Dette er den største naturlege hamna på den sørlege halvkula, med ein omkrins på 3 000 km. Området her var tidlegare kjent for kaurisagbruka sine.

Kumeu, Matakana, og Huapai er kjende distrikt for vindyrking.

Rodney District er inndelt i tre område som kvar inneheld sine tettstader og busetnader:

Rodney District kan i framtida verta nedlagt dersom kommisjonen som ser på omstrukturering av Aucklandregionen (Royal Commission of Inquiry into Restructuring Auckland's Councils) tilrår nedlegging av dei lokale distrikta. Planane om omstrukturering av Auckland til ein by, kan føra til at dei noverande sju distrikta i regionen vert samanslegne. Dette kan gjera at det alt i 2009 kan vera eit underkontor for regionstyresmaktene i Auckland både i Warkworth, Orewa, og Helensville i staden for distriktsstyret i Rodney District. Eit samla bystyre i Auckland (Auckland City Council) kan i ganske nær framtid verta tillagd administrasjonen av alle distrikta i Regionen Auckland, og distrikta Manukau, North Shore, Papakura, Waitakere og Rodney vil dermed verta borte. (I tillegg kanskje òg Franklin District).

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre