Rogen (sørsamisk Rovje) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Engerdal i Innlandet og Røros i Trøndelag, og utgjer 0.85 km² av arealet til innsjøen. Resten ligg i Sverige, i vestre Härjedalen. Utløpet ligg i Noreg og når via elva Røa sjøen Femunden. Dette er det same vassdraget som Trysilelva, Klarälven og Göta älv lenger nede er ein del av.

Rogen
innsjø
Rogen
Land  Noreg,  Sverige
Fylke Innlandet, Trøndelag
Kommunar Engerdal, Røros
Høgd over havet 757 moh.
Areal 35,12 km²
Kystlengd1 100,64 km
Koordinatar 62°19′49″N 12°15′00″E / 62.33028°N 12.25000°E / 62.33028; 12.25000
Kart
Rogen
62°19′00″N 12°23′00″E / 62.316666666667°N 12.383333333333°E / 62.316666666667; 12.383333333333
Wikimedia Commons: Rogen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Den norske delen ligg i Femundsmarka nasjonalpark. Òg på svensk side ligg sjøen i nasjonalpark, Rogen nasjonalpark.

Området rundt Rogen er eit særprega morenelandskap. Fenomenet finst fleire stader, men er spesielt tydeleg her, og vart tidleg skildre herfrå. Det har derfor fått namnet Rogenmorene.[1]

Kjelder endre

  1. Grenselandet om Rogen, arkivert frå originalen 1. mars 2014, henta 14. juni 2012