Roger Ruud

norsk skihopper

Roger Ruud (fødd 1. oktober 1958) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hurdal som tevla for Lensbygda Sportsklubb.

Roger Ruud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. oktober 1958 (65 år)
Hurdal kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1980

Han vann ni verdscuprenn, det fyrste i 1980 og det siste i 1985. Den mest vellukka sesongen kom i 1981, då han vann fem tevlingar i verdscupen. Mellom anna vann han Holmenkollrennet og kom på 2. plass samanlagt i verdscupen, bak austerrikaren Armin Kogler. I 1982 sigra han i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen og vart samanlagt nummer 2 i den tysk-austerrikske hoppveka. Ruud vart noregsmeister 1981 i stor bakke, og 1982 og 1986 i normal bakke. Han vann elles to sølvmedaljar og fire bronsemedaljar under noregsmeisterskapane.

Ruud vart nummer ni og beste nordmann i normalbakken under verdsmeisterskapen 1978 i Lahti. Under vinter-OL 1980 i Lake Placid var han beste nordmann i begge hopprenna. I storbakken vart han då nummer seks og i normalbakken nummer 13. Under ski-VM i Oslo 1982 kom han som fire år tidlegare på niandeplassen i rennet i normalbakken.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Ymse endre

Roger Ruud har også vunne tre noregsmeisterskap i roadracing.

Bakgrunnsstoff endre