Rolf Holmberg

norsk fotballspelar

Rolf Johan Aas Holmberg (24. august 19145. juli 1979) var ein fotballspelar frå Skien som i 1936 vann bronsemedalje med Noregs landslag under Sommar-OL 1936 i Berlin. Han var «en kondisjonssterk og arbeidsvillig winghalf», aktiv i Odds Ballklubb åra 1933–39.

Rolf Holmberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. august 1914
Gjerpen kommune
Død

5. juli 1979 (64 år)
Skien kommune

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1938, Sommar-OL 1936

Karriere endre

Klubbspel endre

Holmberg kom med i Odd-laget i 1933. Fire år seinare var han med då Odd i Porsgrunn tapte cupfinalen mot Mjøndalen IF med 2–4. Etter verdskrigen spelte Holmberg ein sesong i Moss FK før han vende tilbake til Odd. Ein skade førte til at han la opp i 1946. Seinare var han styreformann i Odd.

Landslagsspel endre

Holmberg debuterte på landslaget 26. juli 1936 i Stockholm, og spelte alle fire kampane til bronselaget under sommareleikane 1936 i Berlin. Han deltok også i VM i fotball 1938 i Frankrike, der Noreg vart slått ut i fyrste runde av dei komande verdsmeistrane frå Italia. Holmberg spelte 25 landskampar i rad, dei aller fleste som venstrehalf. Den 26. og siste landskampen kom i Helsinki den 3. september 1939, to dagar etter Nazi-Tyskland starta 2. verdskrigen med å invadere Polen.

Merittar endre

  • Bronsemedalje i OL: 1936 for Noreg
  • Finaletap i noregsmeisterskapen: 1937 med Odd

Kjelder endre