Rollespel er eit spel eller ein leik der deltakarane speler ut roller med karaktertrekk, motiv og bakgrunn som er annleis enn sine eigne.

Ei tysk gruppe i eit levande rollespel (laiv).

Rollespel er ein treningsteknikk der ein spelar ei rolla i ein tenkt, men sannsynleg situasjon for å tileigna seg eigenskaper eller dugleikar ein ikkje har eller for å oppnå innsikt i psykologiske reksjonmønster. Metoden vert brukt både i psykoterapi og opplæring, til dømes i form av ein samtale mellom personar som ikkje er til stades. Rollespel kan òg vera ein seksuell leik der to deltakarar spelar ut seksuelle fantasiar, til dømes som lækjar og pasient, slave og herskar osb.

Rollespel (RPG) kan gå føre seg som selskapsspel rundt eit bord eller som levande rollespel ute i passande miljø. Slike rollespel er ei form for improvisasjonsteater eller friteater utan tilskodarar. Rammene for leiken og rollene er gjevne på førehand. Ofte går dette føre seg i ei oppdikta verd med meir eller mindre nøyaktig definerte oppgåver og roller.

Ikkje teater endre

Eit rollespel skil seg frå eit skodespel ved at det ikkje er for å skodast. I eit rollespel er det altså per definisjon ingen tilskodarar, men berre medverkande som har ei meir eller mindre aktiv 'rolla'. Rollespelet skil seg òg frå skodespelet ved at rollespelet som oftast har eit stort element av improvisasjon over seg, sjølv om rammene av og til kan vera fastlagde.

Ulike typar endre

På engelsk skil ein mellom «role-playing» og «role-playing game (RPG)». På norsk vert «rollespel» stort sett brukt i båe tilfelle, men forkortinga RPG er og brukt i daglegtalen. Der det er uklårt, vil parantesen «(RPG)» verta brukt i denne artikkelen når det er snakk om «role-playing games».

Rollespel som verktøy endre

Rollespel i si enklaste form vert brukt i mange samanhengar. I utdanning er rollespel ein populær læremåte der elevane må setja seg inn i ein ukjend situasjon. Medisinsk behandling er eitt eksempel, der helsepersonell kan øva seg opp i møte med pasientar i ulike situasjonar. Tillitsvalde i fagorganisasjonar kan øva seg opp i lønsforhandlingar ved å spela ut forhandlingssituasjonen saman med ein kollega. Det finst mange døme på område der rollespel kan brukast.

Psykologar og terapeutar brukar gjerne rollespel som verkemiddel i behandlinga.

RPG endre

Det har alltid vore sterke innslag av rollespel i aktivitetar som barneleik og teater. Små born som leikar familie eller politi og røvar driv òg med ei form for rollespel. Rollespel (RPG) kan og kallast leik, men er ei mykje meir organisert form for rollespel med fastare reglar og struktur.

Rollespel slik me kjenner dei i dag voks ut frå miniatyrspel på midten av 1970-talet, særleg i miljøet rundt Universitetet i Minnesota der Dave Arneson og Dave Wesley vanka. Gary Gygax jobba på den tida med eit spel som vart kalla Chainmail. Dungeons & Dragons (D&D) er likevel rekna som det første moderne rollespelet. Gary Gygax og Dave Arneson laga det i 1973 med eit ynske om å leva ut det dei hadde lese i bøker som Ringenes herre av J.R.R. Tolkien. Spelet er i dag i si tredje utgåva. Mange seinare rollespel er bygde på eller inspirert av Dungeons & Dragons, og det er framleis det mest populære rollespelet i verda.

Ulike typar av RPG-rollespel:

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rollespel