Romanispråk

(Omdirigert frå Romanés)

Romanispråk er ei grein av dei indoiransk språka med fleire undergrupper, som blir snakka av sigøynarar (roma og sinti).

Romanés
Romani
Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
Bruk
Tala i Sigøynarar utan noko eige land
Område Europa
Romanéstalande i alt 4,8 millionar
Skriftsystem Devanagari, gresk, kyrillisk, latinsk.
Offisiell status
Offisielt språk i Kommunen Shuto Orizari ved Skopje i Nord-Makedonia, 79 landkommunar og ein by (Budeşti) i Romania
Språkkodar
ISO 639-2 rom
ISO 639-3 rom
Glottolog roma1329

Utbreiing endre

Ein reknar med at romanispråka vert snakka av om lag 40 millionar menneske. I Europa lever det 10–12 millionar sigøynarar, eller roma, og nesten alle desse kan forstå kvarandre trass i dialektskilnader. Den interne strukturen til romanispråkfamilien er uoversiktleg, det same er kriteria for inndeling i språk og dialekt. Fleire av dei språka som blir snakka i Norden har sine næraste slektspråk i familien i andre delar av Europa[1].

Grovt sett har dei romanitalande komme til Norden i tre bølgjer[2]. Først kom det romanitalande på 1500-talet, som delte seg språkleg i norsk romani, svensk romani og kaalo, eller kalo finsk romani. Det bur 10 000 roma i Finland[3], som høyrer til kaale-gruppa. Dei var skild frå roma i Sverige i perioden 1809 fram til 1954 (innføringa av den nordiske passunionen). På slutten av 1800-talet og tiåra framover kom det roma som snakka valakiske romanispråk, kalderasj, lovari og tjurari til Skandinavia. På 1960- og 70-talet kom det roma frå Frankrike, Spania, Polen, Russland, Bulgaria og Jugoslavia, blant anna kalderasj, lovari, arli og romungri. Også krigane på Balkan på 1990-talet førte med seg immigrasjon av roma frå det tidlegare Jugoslavia, m.a. arli, bugurdji og gurbeti. Språk med talarar som har kome i fleire omgangar har vorte styrka med innflytting av nye talarar.

Offentleg status endre

I Noreg er både romanés og romani rakripa (norsk romani) sannkjent som historisk minoritetsspråk med same status som kvensk og dei samiske språka.[4] Sverige har sannkjent svensk romani, finsk romani (kaale), kalderasj, lovari, arli og romungri. Finland har sannkjent finsk romani.

Språkfamilien endre

 
Romanispråkrområdet i Europa

Romanispråka er ein del av den vestlege greina av indoariske språk, i lag med fire andre språkgreiner (domari, khandeshi, gujarati og rajasthani). Romanispråka er sjølv delt inn i fire greiner, balkanromani, sentralromani, nordleg romani, og valakisk romani. Oversynet her byggjer dels på Glottolog, dels på Bijvoet og Fraurud.

Av desse språka er norsk romani (romani rakripa) snakka i Noreg, og svensk romani i Sverige. Det svenske Språkrådet distribuerer i tillegg materiale på arli, kalderaš, kale, lovara.

Ordtilfang endre

Ordtilfanget i dei ulike romanispråka ber sterkt preg av historia til sigøynarane (romfolket). Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Panjab i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i panjabi og hindi — slik som tala frå éin til fem. Andre vesentlege kjelder er armensk, gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i romanés.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. For eit oversyn over situasjonen i Sverige, sjå Bijovet og Fraurud 2007
  2. Framstillinga her byggjer på Bijovet og Fraurud
  3. Jf. Granqvist 2011.
  4. Sjå FAD om nasjonale minoritetsspråk i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.