Roman de Fauvel er namnet på ein satire i bunden form, skrive og gjort kjend i Frankrike i 1314. Diktet er laga av Gervais du Bus.

Side frå Roman de Fauvel

Satiren i diktet er vend mot stillinga i den katolske kyrkja i samtida, og maktmisbruket der. Fauvel er eit fabeldyr på likskap med ein hest (i nokre tydingar eit esel). Namnet Fauvel er ei samantrekking av ei rekke lastar: Flaterie (smiger) Avarice (Havesjuke), Vilanie (usømeleg ferd), Variété (sedløyse), Envie (Ovundssjuke), og Lâcheté (nidingshug). Denne forteljinga kom i fleire avskrifter og vart spreidd med illustrasjonar, og ei lang rekkje tonsettingar til dikta.

I dag er det att tolv avskrifter av romanen, dei fleste i god stand. Romanen og musikken er den første kjelda til fransk ars nova.

Handling endre

Fauvel er misnøgd med stallen sin, og ønskjer å betre levekåra sine. Difor byggjer han seg ein større stall, og vert støtta av Fru fortuna, som smiler til han. Denne nye stallen er så fin at kyrkjelege og verdslege leiarar reiser på pilegrimsferd for å vitje han. Alle bøygjer kne for han, noko som er tolka som eit knefall for synd og usømeleg livnad.

Fauvel reiser til Makrokosmos for å fri til henne. Ho avviser han, men meiner han skulle ekte jomfrua for fåfengd heider. Han gjer dette, og i bryllaupet kjem det gjester som er allegoriar på verdsleg glede og lyst. Fru Fortuna seier til slutt at Fauvel skal få born som vil halde fram virket hans, og at han er ein tenar for Antikrist, og har som mål å få i stand enden på verda.

Musikk endre

Musikken til verket vart skriven av Philippe de Vitry, og vert rekna som byrjinga på ars nova-rørsla i Frankrike. Songane er skrivne i mange stilartar, men dei har isorytmikken sams. I dag er nok musikken meir kjend enn sjølve handlinga i romanen.

Kjelder endre

  • Gads Musikhistore, København