Romartala er talsymbol som opphavleg blei brukte av romarane. Dei er relativt enkle symbol: I, V, X, L, C, D, M, som i respektiv rekkjefølgje har verdiane: 1, 5, 10, 50, 100, 500, 1000. Samansetjinga av symbola bestemmer talet. Eit symbol med mindre verdi føre eit anna, vert trekt frå talet. Symbol med mindre eller lik verdi etter eit anna, vert lagt til talet. Det finst ikkje noko symbol for 0 i systemet.

Romartal på ei klokke.
Foto: Juergen Goetzke

Merk at eit lite tal ikkje kan setjast framfor eit større tal om skilnaden mellom dei er for stor. Talet «I» (1) kan berre trekkast frå «V» (5) og «X» (10), ikkje frå «L» (50) eller høgre tal. SÅrstalet 1999 kan altså ikkje skrivast MIM (1000 + 1000 − 1), men kan skrivast MCMXCIX = 1000 + (1000 − 100) + (100 − 10) + (10 − 1) eller MDCCCXCIX = 1000 + 500 + 100 + 100 + 100 + (100-10) + (10-1).

Bruk endre

Romartal er seinare blitt brukte til markera årstal, til dømes på bygningar og i bøker, og på mange klokker.

Døme endre

I = 1
III = 3
IV = 4
VI = 6
XX = 20
MMV = 2005

Bakgrunnsstoff endre