Romsdalsmuseet er ei samling av museum i Romsdal. Kjernen i museet, det som i daglegtale blir oppfatta som Romsdalsmuseet, vart grunnlagt på Molde i 1912 av Peter Tønder Solemdal. I dag har Romsdalsmuseet fleire avdelingar rundt i Romsdal. Romsdalsmuseet på Molde har eit bibliotek, fleire fotosamlingar og Romsdalsarkivet.

Avdelingar endre

  • Romsdalmuseet på Molde vart grunnlagd i 1912 som Romsdal Bygdemuseum. Den første bygningen vart kjøpt inn i 1914. Samlinga på Molde er eit av dei største distriktsmusea i Noreg.
  • Friluftsmuseet på Reknes i Molde opna i 1928 og har om lag 40 bygningar frå Molde og Romsdal. Museet er ein park og består av fleire tun der ein kan sjå bygningar frå 1600-talet og opp til 1900-talet. Ei bygate frå Molde er òg samla, slik at ein kan få eit inntrykk av korleis delar av byen såg ut før bybrannane i 1916 og 1940. Avdelinga har i tillegg festlokale og ei stor utescene som blir nytta mellom anna av Moldejazz.
  • Fiskerimuseet på Hjertøya ligg like utanfor Molde sentrum og består av 15 gamle bygninger knytt til sjøbruk og fiske. Avdelinga vart vedtatt oppretta i 1948.
  • Holmarka er ein besøksgard og det siste attverande bynære småbruket som er i drift i Molde. Det har rett nok blitt halvert på grunn av bustadbygging, men Romsdalsmuseet og Molde kommune samarbeider om vern og formidling. Våningshuset og tunet tilhøyrer og er bustad for forfattaren Knut Ødegård.

Bakgrunnsstoff endre