Rondo for piano and orkester i A-dur av Mozart

Rondo for piano og orkester i A-dur, K. 386 er ein konsertrondo av Wolfgang Amadeus Mozart, som Alfred Einstein meiner vart komponert seint i 1782.[1]

Rondo for piano og orkester i A-dur
K. 386
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1782
Typisk lengd8:34
ToneartA-dur

Komposisjon endre

Mozart skreiv Rondo i A om lag samstundes som dei første tre pianokonsertane hans i Wien, nr. 11, 12 og 13.

Ein trudde tidlegare at Mozart ikkje hadde skrive dette stykket ferdig,[2] fordi då Constanze Mozart selde manuskriptet i 1799 til J. A. André, mangla dei siste sidene. Alan Tyson oppdaga dei tidlegare tapte sidene i British Library i 1980. [3]

Musikkvitaren Alfred Einstein meiner at stykket var meint som anten den originale finalen eller ein erstattande finale for hans Pianokonsert nr. 12 av Pianokonsert nr. 12 i A.[1] Begge stykka er i same toneart, og begge vart komponert i same tidsrom. Det er likevel nokre store skilnader. Dei tre konsertane som Mozart komponerte var a quattro (med berre fire strykarar som akkompagnement), medan ein rondo ikkje kan vere det, sidan celloane har ei sjølvstendig linje frå bassane.[4] Den første sida av manuskriptet hadde òg tittel og var datert av Mozart, noko som indikerer at det var eit frittståande stykke.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Article at mozartforum.com
  2. Article at www.classicalarchives.com
  3. Ch. 17, "The Rondo for Piano and Orchestra, K. 386," s. 262-289, i Alan Tyson, Mozart: Studies of the Autograph Scores, Cambridge, MA: Harvard University Press, 1987. ISBN 0-674-58831-2.
  4. Philips Digital Classics 'Complete Mozart Edition- Pianokonserts'; Label Number 464 800-2.

Bakgrunnsstoff endre