Rondo for piano og orkester i D-dur av Mozart

Rondo for piano og orkester i D-dur, K. 382 er ein tre satsar lang konsertrondo for piano og orkester komponert av Wolfgang Amadeus Mozart. Han var meint av Mozart som ein ny finale for hans Pianokonsert nr. 5 i D-dur.[1]

Rondo for piano og orkester i D-dur
K. 382
Rondo av Wolfgang Amadeus Mozart
Rondo Piankonsert nr. 5
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1782
Urframføring1782
Typisk lengd9:32
ToneartD-dur

Bakgrunn endre

Stykket vart komponert tidleg i 1782[2] av Mozart som ein alternativ sistesats til hans Pianokonsert nr. 5, eit stykke han komponerte i desember 1773, då han var 18 år.[3] Han komponerte rondoen på grunn av fleire høve. Han rekna bruken av sonate-form-satsen for komplisert for samanhengen satsen var skriven i,[1] og skreiv derfor denne alternative endinga som ein variasjon. Mozart hadde akkurat flytta frå heimbyen Salzburg til Wien i 1781,[4] der han måtte byggje seg opp eit godt rykte for å sikre seg inntekter. Han gjorde dette gjennom komponeringa, læring og pianokonsertar. Sidan han ikkje hadde så mange originale pianokonsertar i sitt eige namn, var det her Mozart la ned ein del arbeid. Den 5. pianokonserten hans hadde vore ein stor suksess i Mannheim, som han vitja i 1777 på ei reise til Paris.[5] Han skreiv derfor om dette verket for å tilpasse det publikumet i Wien føre den viktige pinsekonserten den 3. mars 1782. Rondoen var meir melodirik enn føregjengaren og var særs populær hos publikum, og han måtte derfor spele han to gonger.[3]

Instrumentering endre

Sidan han erstatta finalen i Pianokonsert nr. 5, er instrumenteringa for rondoen om lag den same. Utanom pianoet, finn ein to oboar, to trompetar, to horn, pauke og strykarar.[1]. Rondo nyttar den same instrumenteringa i tillegg til ei fløyte.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Philips Digital Classics 'Complete Mozart Edition- Piano Concerto '; Label Number 464 800-2
  2. Article at Pianopedia
  3. 3,0 3,1 Article at www.classicalarchives.com
  4. Biography at mozartproject.org, arkivert frå originalen 7. august 2011, henta 29. desember 2010 
  5. Article at mozartones.com, arkivert frå originalen 14. juli 2011, henta 29. desember 2010 

Bakgrunnsstoff endre