Rongeværet

øysamfunn i Austrheim kommune
(Omdirigert frå Rongevær)

Rongeværet er ei øy som ligg lengst vest i Austrheim kommune. Øya ligg like nord for hovudskipsleia og innseglinga til Bergen, som ligg nokre mil lenger søraust. Ho er veglaus og utan fast busetjing.

Rongeværet
Rongevær
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austrheim kommune
Kart
Rongeværet
60°49′19″N 4°46′41″E / 60.82198°N 4.77811°E / 60.82198; 4.77811

Under andre verdskrigen vart det frakta folk mellom Rongeværet og Shetland. Det låg tre gardsbruk på øya, som vart fråflytta på 1960- og 1970-talet. I dag er Rongeværet eit kurs- og fritidssenter, eigd av Austrheim kommune.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3]
18 16 0

Kjelder endre

  1. Folketeljing 1801 for Lindås prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet
  3. Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid, bd. 3 (Austrheim kommune, 2006)