Roque Júnior

brasiliansk fotballspelar

José Vítor Roque Júnior (fødd 31. august 1976) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Santa Rita do Sapucaí som i 2002 vart verdsmeister med Brasil sitt landslag. Åra 1999-2007 deltok midtstopparen i 48 landskampar og skåra 2 mål.

Roque Júnior
Fødd 31. august 1976
Fødestad Santa Rita do Sapucaí

Klubbspel endre

Frå 1993 til han la opp for godt i 2010 gjorde Roque Júnior teneste i ti ulike klubbar, fire av dei i heimlandet og fem av dei i tre ulike land i Europa. Verkeleg suksess hadde han einast i Palmeiras, der han spelte meir enn 200 obligatoriske kampar og i 1999 var med å vinne Copa Libertadores. I 2000 vart han overført til den italienske topplaget AC Milan, der det i tida fram til 2003 vart mykje benkesliting. Våren 2003 tok han del då Milan vann den nasjonale cupfinalen mot AS Roma og han var innbytar då Milan etter straffeskyting sigra i finalen i Meisterligaen 2003. Frå 2004 til -07 var han Bayer Leverkusen-spelar, også der måtte han finn seg å sjå mange kampar frå reservebenken.

Landslagsspel endre

Roque Júnior fekk sin landslagdebut mot Nederland i oktober 1999. Under Fotball-VM 2002 danna han og Lúcio eit sterkt midtstopparpar som gjorde sitt at Brasil vann eit verdsmeisterskap i fotball for femte gong. Sommaren 2005 var Roque Júnior med å vinne konføderasjoncupen (prøve-VM) i Tyskland. Han spelte sin 50. og siste landskamp i november 2005. Skade gjorde han uaktuell for den brasilianske VM-troppa 2006.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 2002 for Brasil
  • Vinnar av konføderasjonscupen: 2005 for Brasil
  • Vinnar av Copa Libertadores: 1999 med Palmeiras
  • Vinnar av meisterligaen: 2003 med AC Milan
  • Delstatsmeister i São Paulo: 1996 med Palmeiras
  • Brasiliansk cupmeister: 1998 med Palmeiras
  • Vinnar av Torneio Rio-São Paulo: 2000 med Palmeiras
  • Italiensk cupmeister: 2003 med AC Milan

Kjelder endre