Rose Lokissim

tsjadisk soldat

Rose Lokissim (195315. mai 1986) var ein av dei fyrste kvinnelege elitesoldatane i det sentralafrikanske landet Tsjad. Ho kjempa mot diktatoren Hissène Habré i 1980-åra.[1]

Rose Lokissim
Statsborgarskap Tsjad
Fødd 1953
Tsjad
Død

15. mai 1986 (33 år)
N'Djamena

Yrke soldat
Språk arabisk, fransk

Lokissim vaks opp i ein liten landsby i Tsjad. Faren var polygam.[2] Ho blir skildra som ein fredeleg og omsorgsfull person.[1]

I slutten av 1970-åra blei Lokissim elitesoldat i den tsjadiske hæren.[2] I 1984 slutta ho seg til den politiske opposisjonen.[1] Saman med fleire andre blei ho arrestert 14. september 1984.[1] Ho sat fyrst fengsla som den einaste kvinna blant seksti menn, og torturert i åtte månader. Deretter blei ho overført til ei kvinneavdeling.[2][3] Medan ho var i fengsel, dokumenterte ho namn, overgrep og fengselsforholda på papirlappar som ho fekk sendt ut av fengselet. Ho ble fordømd og avhøyrd igjen i 1986 for desse skriftlege vitnesbyrda.[1] Den 15. mai 1986 beordra diktatoren Habré at ho skulle avrettast.[2][4]

Historia til Lokissim blir fortald i den franske dokumentarfilmen Parler de Rose (Talking about Rose) frå 2015 av Isabel Coixet.[1][5] UNESCO har inkludert Rose Lokissim på si oversikt over kvinner som har hatt noko å seia for afrikansk historie.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Talking About Rose, Prisoner of Hissène Habré, English subtitles» (på fransk). Miss Wasabi Films. 20. mai 2015. Henta 16. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «The chilling execution of a Chadian soldier who documented an exposé on dictator Hissène Habré» (på engelsk). Face2Face Africa. 21. mars 2019. Henta 16. mars 2023. 
  3. «"Africa's Pinochet": Former U.S.-Backed Chadian Dictator Hissène Habré Faces War Crimes Trial». DemocracyNow!. 21. juli 2015. Henta 16. mars 2023. 
  4. Emmanuel Bossennec (N'Djamena) (2015). «« Parler de Rose », une histoire de la terreur sous Hissène Habré». Le Monde; 20. januar 2015. .
  5. Ibrahima Khalil (2014). «« Parler de Rose », une prisonnière d'Hissène Habré, raconté par Juliette Binoche». Press Afrik; 4. desember 2014 (på fransk). .
  6. «UNESCO Women in Africa History | Women». en.unesco.org. Henta 31. mars 2024.