Rosesbukta (spansk Golfo de Rosas, katalansk Golf de Roses) er den nordaustlegaste bukta på spanskekysten.

Rosesbukta
bukt
Land  Spania
Del av Middelhavet
Kart
Rosesbukta
42°11′00″N 3°11′00″E / 42.183333°N 3.183333°E / 42.183333; 3.183333
Wikimedia Commons: Gulf of Roses

Bukta er 16 km brei og er danna av dalen El Fluvià. Her ligg òg elvemunningane til Manol og La Muga. Desse elvane drenerer sørsida av den austlege enden av Pyreneane og Alberes. Området vert ofte råka av den kraftige vinden tramuntana.

Ved bukta ligg feriestadane Roses, Castelló d'Empúries/Empúriabrava, Sant Pere Pescador, Empúries og L'Escala.

Bukta var opphavleg busett av grekarar som grunnla ein handelsstasjonen ved Empúries som seinare vart ein romersk by. Byen vart forlaten etter at vikingar og muslimar plyndra kysten. Området vart i mellomalderen ein del av grevskapet Empúries.

Gjennom det meste av mellomalderen var området eit myrområde med malaria. Drenering omgjorde myrområdet til eit jordbruksområde. I 1960-åra førte den aukande turismen til vidare utvikling av området med kanalar og villaer bygd på kunstige øyar mellom kanalane. Ein del av myrområdet finst framleis og er ein viktig stoppestad for trekkfuglar. Dette området er i dag naturparken Aiguamols de L'Empordà.

Ved bukta ligg òg den kjende spanske restaurantaen El Bulli.

Kjelder endre

42°10′59″N 3°10′59″E / 42.183°N 3.183°E / 42.183; 3.183