Rossfjordstraumen

Rossfjordstraumen er ei bygd i Senja kommune i Troms, om lag 20 km nordaust for Finnsnes. Bygda, som er sentrum for eit større område rundt Rossfjorden og Rossfjordvatnet, har sin eigen barne- og ungdomsskule, barnehage, fagprøvesenter, kyrkje, gamleheim, samvirkelag, plastfabrikk, treningssenter, bygdehus, kiosk og bensinstasjon.

Rossfjordstraumen
stad
Rossfjordstraumen sett frå Kistefjellet.
Foto: Per-Ivar Knutsen
Land  Noreg
Kart
Rossfjordstraumen
69°21′47″N 18°18′49″E / 69.36305556°N 18.31361111°E / 69.36305556; 18.31361111
Wikimedia Commons: Rossfjordstraumen

Rossfjordstraumen har postnummer 9302.

Månadleg kjem det ut ei eiga bygdeavis som heiter Rossfjordposten.

Grunnkrinsar endre

Rossfjordstraumen utgjer to grunnkrinsar, Straumen øst og Straumen vest, på kvar si side av fjorden/vatnet.

Innbyggarar:[1]

  2000 2005 2007 2012 2019
Straumen øst 232 228 241 219 192
Straumen vest 169 197 198 184 176

Kjelder endre

  1. «04317: Grunnkretsenes befolkning (G) 1999 - 2019», PX-Web SSB, henta 29. september 2019 [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rossfjordstraumen