Rotetarar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Infraorden: Exoporia
Overfamilie: Hepialoidea
Familie: Rotetarar Hepialidae
Stephens, 1829

Rotetarar (Hepialidae) er ei relativt stor gruppe sommarfuglar som høyrer med mellom dei mest primitive sommarfuglane i gruppa Neolepidoptera. Dei har fått det norske namnet sitt på grunn av larvane, som lever under jorda og et røter frå ulike plantar. Somme artar kan til og med gjera stor skade på avlingar av mellom anna salat.

Det finst om lag 500 skildra artar over heile verda; dei fleste av desse lever i Australia og Sør-Asia. I Europa finn ein 15 til 16 artar, sju i Norden. Fem eller seks er registrert i Noreg.

Utsjånad endre

Fullvaksne rotetarar har som regel ganske lange og smale venger, men det finst unnatak. Særleg ved basis er vengene smale, noko ein mest tydeleg ser på det fremste paret. Nedst på framvengene sit det ein liten krok som festar dei to vengepara til kvarandre i flukt.

Rotetarar har korte følehorn som hjå dei fleste artane er trådforma; hjå nokre få er dei i staden kamforma. Munndelane er små og dårleg utvikla, og mange artar manglar sugesnabel. Dei manglar punktaugo, men har derimot store fasettaugo utan hår. Ingen av dei har eigne organ til å oppfatta lyd.

Som regel er bakbeina kortare enn dei andre to beinpara. Somme av slektene har særskilde piggar på fremre skinnebeinledd (tibia), Gazoryctra har òg piggar på bak- og mellombeina. Hannar av svermande artar kan skilja ut duftande små hår frå skinnebeinledda på bakbeina; utsjånaden til desse ledda er då nyttig i artsbestemming. Kjønnsorgana er komplisert oppbygde.

Sett i høve til evolusjonært nærskylde sommarfuglar er rotetarane ganske store; i tropisk Asia kan dei største artane ha vengespenn på over 20 cm. Dei nordiske artane har vengespenn mellom 23 og 75 mm.

Larvar og pupper endre

Rotetarlarvar er sylindriske og lyst gul til gjennomsiktig farga. Dei spinner røyr av silke som eit vern mot predatorar når dei tek seg gjennom marken. Det er òg i dette røyret dei forpuppar seg. Puppa har eit hardt kitinisert «horn» i panna som ho brukar til å trenga ut av røyret med når ho har nådd opp til bakkeoverflata. Dei har, som regel artsspesifikke, kammar på undersida av dei sjette segmenta sine; bortsett frå i slekta Gazoryctra som har kammar på ryggen i par.

Levesett endre

 
Hepialus humuli

Larvane til rotetarane lever under jorda og gneg på røter frå ymse plantar, kva slags plantar kjem an på arten. Dei fleste kan gå på fleire ulike vekstar, men andre stadar i verda finst det artar som har spesialisert seg på einskilde planteartar. Somme av dei kan, i det minste som unge larvar, eta sopphyfer og/eller daud ved.

Som vaksne kan rotetarane vera aktive til fleire tider på døgeret. Somme artar flyg i skumringa, andre tidleg om morgonen og atter andre i kveldssol. Ein del artar er svermarar, der hannar flyg i pendlande flukt for å lokka til seg hoer. Etter paringa tek hoene til å legga egg, ofte særs mange - mange artar kan til og med legga dei i lufta medan dei flyg.

Systematikk endre

Rotetarane høyrer til familien Hepialidae, som er den einaste europeiske representanten for overfamilien Hepialoidea. Denne gruppa finst over heile verda og omfattar fem familiar. Overfamilien Mnesarchaeoidea, som berre finst på New Zealand, er hepialoidane sine næraste slektningar; saman vert dei ofte plassert i underordenen Exoporia. Desse vert kjenneteikna av at hoene har to kjønnsopningar - ei for paring og ei ho legg egg med. Dei sit begge på niande bukplate.

Norske artar endre

 
Triodia sylvina

Kjelder endre

  • Palmqvist, Göran. 2008. «Hepialidae - rotfjärilar», s. 73-91 i Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Fjärilar: Käkmalar-säckspinnare. Lepidoptera: Micropterigidae-Psychidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala
  • Norske Sommerfugler Arkivert 2007-08-29 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rotetarar