Rotknoll er ei oppsvulma planterot med opplagsnæring for overvintring. Ein finn rotknollar hjå ei rekkje plantar, som georgine, marihand[1] og grønsakplantar som jams, jordskokk, knutekål, kålrot, maniok, nepe, selleri og søtpotet.[2]

Rotknollar frå georgine, Dahlia variabilis.
Rotknollar frå søtpotet blir brukt som grønsak.

Belgplantar, or, pors og tindved har særskilde rotknollar som inneheld nitrogenbindande bakterier, bakterieknollar.[2]

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre