Rousay (norrønt Hrólfsey) er ei lita åslendt øy om lag 3 km nord for Mainland i Orknøyane, like nord for Skottland. Øya har vorte kalla «nordens Egypt» på grunn av dei mange arkeologiske funna som er gjort her.

Rousay
Geografi
Rousay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°10′N 3°02′W / 59.17°N 3.03°W / 59.17; -3.03
Øygruppe Orknøyane

Areal 48,60 km²

Høgaste punkt Blotchnie Fiold (249 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Banks

Demografi
Folketal 212 (2001)
Folketettleik 4,3 /km²

Mellom Mainland og Rousay ligg Eynhallow Sound, og det går ferje til øya frå Mainland, ein tur som tar 20-25 minutt.[1]

Geografi endre

 
Midhowe Broch på vestsida av Rousay

I 2001 hadde øya 212 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane driv med jordbruk, fiske eller fiskeoppdrett. Det er òg noko næringsverksemnd og sesongbasert arbeid knytt til turisme. Ein veg går rundt heile øya, om lag 14 km lang. Øya er med eit areal på 48,6 km² den femte største av Orknøyane.

Rousay er ein Site of Special Scientific Interest med klippeformasjonar og fuglekoloniar. Ho er den mest åslendte øya i Orknøyane etter Hoy, og ein har god utsikt til naboøyane frå Blotchnifiold på 249 meter over havet og Keirfea eller Knitchen på kring 230 moh.

Det kjem mange turistar til øya om sommaren på grunn av den vakre naturen og dyrelivet. Av dyreliv finn ein gråsel og oter. Mange vitjar òg dei mange arkeologiske funna.

Historie endre

Øyar har funn frå alle epokar opp gjennom historia til Orknøyane med Rinyo, som er ein busetnad frå yngre steinalder, steinhaugar frå bronsealderen, åsfort frå jernalderen (den største tettleiken i heile Skottland), gravstader frå vikingtida, ruinar av ei kyrkje frå mellomalderen og herregarden ved Trumland.

Ein har funne ovre 100 arkeologiske stader, men berre ein liten del av dei er undersøkt. Det best kjende arkeologiske funnet er ved Midhowe broch og Midhowe Chambered Cairn. Blackhammer Chambered Cairn, Taversoe Tuick og Yarso er òg viktige gravstader på øya.

Namnet Rousay er av norrønt opphav. 'Hrólfs-øy' eller 'Hrolfsey' kjem av namnet Rolf.

 
Klipper i Saviskaill Bay, mot nord til Westray

Folk på Roysay har stort sett levd av jordbruk og/eller fiske. På 1800-talet var det òg handelsfolk som levde på øya, og på midten av 1800-talet levde det over 900 menneske på øya. Tilflytting til andre øyar og område reduserte talet til 627 i 1900 og i 1950 hadde folketalet fall til 342. Fråflyttinga heldt fram og dei neste tjue åra fall talet til 181, som er det lågaste nokon gong. Frå 1970-åra og utover har nye familiar slått seg ned på Rousay og folketalet er i dag over 200.

Kjelder endre

  1. «M.V. Eynhallow» (PDF). Henta 20. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff endre