Rovøya er den største øya i Storsjøen i Odalen. Øya ligg i Sør-Odal kommune i Innlandet.

Båtliv på Rovøya i Storsjøen.

Rovøya er den største av elleve øyar og holmar i Storsjøen. Ho har eit areal på 81112 , er om lag 714 meter lang og om lag 156 meter brei. Begge måla er målt på det lengste.

Øya er tildels dekt av skog med svaberg rundt hele øya bortsett frå sørenden der det ligg ei sandstrand.

Tidlegare hadde Mogutten Idrettslag hoppbakke på nordsida av øya, med bygd overrenne i treverk, naturleg svaberg, og eit hopp i treverk. Landinga skjedde på svaberget og isen. Hoppbakken forfall og vart rive nokre år etter at Mogutten IL fekk ny hoppbakke i Knappåsen i Nord-Odal.

Øya var ein viktig del i Storsjøen under fløyting av tømmer og i tida MS «Storsjø» og «Odølingen» dreiv båttrafikk på sjøen. Den gongen var òg fleire bygg på øya, men i dag er det berre ein utedo som står att.

Namnet Rovøya kjem av at rovdyr som rev ofte vert observert der [treng kjelde], då dei sym over frå fastlandet i sørenden, eller går over på isen vinterstid.

I sommarhalvåret er øya flittig vitja og brukt av fritidsbåtar.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.