Roy Owen Haynes (fødd 13. mars 1925) er ein amerikansk jazztrommeslagar.

Roy Haynes

Statsborgarskap USA
Fødd 13. mars 1925 (99 år)
Boston
Yrke trommeslagar, orkesterleiar, dirigent, jazzmusikar
Nettstad http://www.myspace.com/royhaynes
Roy Haynes på Commons

Haynes byrja si profesjonelle karriere i 1943 i Boston, der han spelte både med mindre grupper og storband. I 1947 byrja han å spele i New York med Lester Young. I tillegg spelte han med Bud Powell og Miles Davis, og i 1949 kom han med i Charlie Parker sitt band. Han heldt fram med Parker i fleire år, og vart kjend for sitt ekspressive og fortetta musikalske uttrykk.

I 1953 byrja Haynes i Sarah Vaughan sitt band, samtidig som han jobba stadig meir frilans med ei rekkje ulike artistar. Han erstatta ofte Elvin Jones i John Coltrane sin kvartett, i tillegg til å jobbe mykje med Thelonious Monk og Eric Dolphy. Seinare spelte han med mellom andre Gary Burton, Chick Corea og Pat Metheny. Sidan 1960-talet har han også sjølv leia fleire ulike band, og han føretrekk no å spele med sine eigne band.

Kjelder endre