Royal Leamington Spa

Royal Leamington Spa (òg kalla Leamington Spa eller berre Leamington) er ein badeby midt i Warwickshire i England. Byen har kring 65 000 innbyggjarar. Byen er kalla opp etter elva Leam som renn gjennom byen. Leamington ligg like ved treet Midland Oak som markerer midten av England.

Royal Leamington Spa

Paradegata
Paradegata
Paradegata
Plassering
Royal Leamington Spa is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Warwickshire
Distrikt Warwick
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

66 149
Koordinatar 52°18′″N 1°32′″WKoordinatar: 52°18′″N 1°32′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer CV31, CV32, CV33
Telefon-retningsnummer 01926
Commons har multimedium som gjeld: Royal Leamington Spa

Leamington er den største byen i den sørlege delen av Warwickshire (kommunen er nesten delt på midten av Coventry som i dag høyrer inn under West Midlands). Byen er delt opp i nord og sør av elva Leam, som stundom kan gå over breiddene sine. Byen vart mellom anna råka av ein kraftig flaum påsken 1998. Byen veks raskt, særleg sørover. Der er berre noko industri i byen (og stort sett ingen tungindustri) og dette ligg i den sørlege enden av byen, langs vegen ned til M40. Mange av innbyggjarane i byen er pendlarar til Coventry og Birmingham.

Leamington er kjend for sine hagar og parkar, særleg Jephson Gardens, like ved Royal Pump Rooms og like ved elva Leam. Denne parken vart særs hardt råka av flaumen i 1998, men er sidan vorte restaurert og utbetra ved hjelp av pengar frå det engelske nasjonallotteriet. På den andre sida av Leam, på Priory Terrace like ved soknekyrkja, finn ein beddingsopphaling ned til elva frå 1800-talet, bygt spesifikt til at lokale sirkuselefantar kunne kome til å drikke vatn frå elva. Hovudgata i byen heiter The Parade, der ein finn handelsenteret Royal Priors og mange butikkar, restaurantar og pubar.

Mange studentar og tilsette ved University of Warwick er busette i Leamington, noko som gjer at byen har eit godt natteliv, med mange barar og restaurantar.

Det finst ein stor del georgiansk og tidleg victoriansk arkitektur i byen, mellom anna mange georgianske villaer, som har gjeve Leamington eit noko storslått preg. Byen har i dag stort sett vokse saman med byen Warwick.

Kjelder endre