Royal Oak er eit eiketre som den seinare kong Karl II av England gøymde seg i etter å ha tapt slaget ved Worcester i 1651. Treet stod i Boscobel-skogen ved Boscobel House, der Karl hadde søkt tilflukt.

Royal Oak

Arteikeslekta
StadBoscobel House
LandStorbritannia
Kart
Royal Oak
52°40′12″N 2°14′30″W / 52.67°N 2.24179°W / 52.67; -2.24179

Karl fortalde seinare til dagbokskrivaren Samuel Pepys at ein soldat frå parlamentshæren hadde passert like under treet medan han gøymde seg. Soga blei populær etter restaurasjonen av monarkiet i England. Ein feira Royal Oak Day (Oak Apple Day) til minne om henne, og laga avbildingar på servise og pubskilt. Hjelparane til Karl blei tildelte våpenskjold som framstilte eiketre med kongekroner.

Bakgrunn endre

Under den britiske borgarkrigen prøvde Karl å ta tilbake England frå parlamentarisk kontroll etter at faren hans, Karl I, var blitt avretta. Han møtte Oliver Cromwell sin New Model Army utanfor Worcester den 3. september, og leid eit stort nederlag. Dette var det siste slaget under borgarkrigen.

Karl flykta frå Worcester saman med rojalistar som Lord Derby og Lord Wilmot. Etter å ha ridd natta gjennom søkte han tilflukt i White Ladies Priory og Boscobel House, seks mil nord for Worcester. Desse eigedommane tilhøyrde den katolske Giffard-familien, som berre hadde katolske (og dermed rojalistiske) tenarar.

Karl blei leia til Boscobel av Charles Giffard, eit syskenbarn av eigaren, og tenaren hans Francis Yates, som blei den einaste til å bli avretta for å ha hjelpt kongen. Her fekk dei hjelp av Penderel-familien, fem brør som var tenarar eller leiglendingar på Boscobel-eigedommane. Dei forkledde kongen som skogsarbeidar og gjorde eit forsøk på å kryssa elva Severn inn i Wales, men etter at dei fann ut at parlamentssoldatar vakta henne, vende dei tilbake til Boscobel.

Gøyming endre

 
Kong Karl II og William Carlos i Royal Oak måla av Isaac Fuller.

6. september møtte kongen William Careless (seinare Carlos), ein offiser som hadde kjempa i slaget ved Worcester og var blant dei siste rojalistane til å forlata slagmarka.[1] Careless meinte det ikkje var trygt å gøyma seg i huset, og føreslo at kongen i staden skulle gøyma seg i eit tre. Dei tok mat og drikke opp i ei stor styva sommareik i Boscobel-skogen, og heldt seg der heile dagen, medan parlamentssoldatar gjennomsøkte området. Kongen, som var utmatta, sov i treet ei stund, medan Careless heldt han så han ikkje skulle falla. Seinare gøymde Karl seg i eit prestehol ved Boscobel.[2]

Frå Boscobel blei kongen flytta til Moseley Old Hall ved Wolverhampton og kom seg til slutt til Frankrike. Han blei verande i eksil i ni år fram til han kom tilbake som konge av England i 1660.

Restaurasjonen endre

 
Våpenskjoldet gjeve til Careless/Carlos

Kongen løna dei som hadde hjelpt han under flukta. Penderel-familien fekk eit årleg beløp (som fortsette fram til våre dagar). Han gav Careless tittelen Gentleman of the Privy Chamber, det nye etternamnet Carlos (spansk for Karl) og eit våpenskjold som viser eit eiketre og tre kongekroner.[3] Også Penderel-familien tok i bruk eit liknande våpenskjold, men det er ikkje klart om dei blei gjeve det av kongen eller om dei baserte det på våpenet gjeve til Carlos.[4]

Det blei også lagt planar om å oppretta ein ny riddarorden kalla Knights of the Royal Oak, men planane blei skrinlagde for å ikkje opna gamle sår eller vidareføra motsetningane frå borgarkrigen.[5]

Det engelske parlamentet lovfesta 29. mai, fødselsdagen til kong Karl II, som ein takkseiedag (Perpetual Anniversary Thanksgiving) for restorasjonen av monarkiet. Dagen blei feira som Restoration Day, Royal Oak Day eller Oak Apple Day gjennom mange år der ein dekorerte seg sjølv og statuar av kongen med eikelauv. Den offentlege fridagen blei offisielt avskaffa i 1859, men blei fortsett feira ulike stader i landet. [6]

Etterhistoria til treet endre

 
Son of Royal Oak i 2014.
 
Son of Royal Oak og eit mindre tre i 2014.

Eiketreet som kongen gøymde seg i finst ikkje lenger. Det skal ha blitt øydelagd på 1600- eller 1700-talet av turistar som skar av greiner og bitar av det som suvenirar. I staden står eit to- eller trehundre år gammalt tre på staden som skal stamma frå det første, og som er kjend som Son of Royal Oak.

Ein storm i 2000 gjorde stor skade på Son of Royal Oak, som mista fleire greiner. I september 2010 fann ein at det hadde utvikla store og potensielt farlege sprekker. Då 2011-sesongen opna var treet blitt omgjeve av eit gjerde for å sikra tryggleiken til vitjande.

Det er også blitt planta fleire etterkomarar etter Royal Oak på staden. I 1897 blei eit tre planta ved vestkanten av hagen til Boscobel House av Augustus Legge, som då var biskop av Lichfield, som ei markeringa av dronning Viktoria sitt diamantjubileum. Under trehundreårsjubileet for flukta til Karl i 1951 planta den dåverande eigaren av Boscobel House, Orlando Bridgeman, 5. jarl av Bradford ein etterkomar nær staden den opphavlege eika hadde stått. I 2001 planta prins Charles av Wales eit tre som hadde vokse frå ei av nøttene til Son of Royal Oak og dermed var barnebarn av Royal Oak.

Boscobel House tilhøyrer i dag organisasjonen English Heritage. Ved museumsbutikken sin der sel dei småtre dyrka frå nøttene til det kjende treet.

Sjølve staden treet står på tilhøyrer ikkje English Heritage, men gardbrukargruppa Francis Yates Partners.

Andre minne om hendinga endre

 
«Royal Oak» er eit utbreidd pubnamn. Denne puben er i Wootton Rivers i Wiltshire i England.

Hendinga blei markert gjennom dekorativ keramikk, mellom anna av Thomas Toft frå Staffordshire som avbilda kongen i eiketreet med det engelske nasjonalsymbolet løva og einhjørningen under.[7]

Royal Oak blei teke i bruk som symbol av ei rekkje pubar, og namnet er framleis eitt av dei vanlegaste pubnamna i Storbritannia (det andre eller tredje mest brukte i ulike oversyn).[8] Denne skikken finst også andre stader i den engelskspråklege verda. Royal Oak har også blitt eit stadnamn, anten kalla opp direkte etter eika, som Royal Oak i Michigan utanfor Detroit, eller etter ein pub eller eit hotell på staden, som Royal Oak på New Zealand utanfor Auckland. I Westminster i London ligg Royal Oak undergrunnsstasjon, med namn etter ein pub som ikkje finst meir.[9]

Fleire skip i den britiske marinen har blitt kalla HMS Royal Oak. Mellom 1664 og 1939 hadde marinen åtte ulike skip med dette namnet.

Eit fransk hesteveddeløp i Longchamp blir kalla Prix Royal-Oak etter hingsten Royal Oak (f. 1823), ein av grunnleggjarane av fullblodshesteavl i Frankrike.

Royal Oak Foundation er ein amerikansk organisasjon som støtter vedlikehald av historiske stader i Storbritannia.

Kjelder endre

  1. Carelss eller Carlis var frå Brewood i nærleiken. L. Margaret Midgley (red.), Victoria County History (1959), 'Brewood: Introduction, manors and agriculture', A History of the County of Stafford: Volume 5: East Cuttlestone hundred (1959), pp. 18–40.
  2. Fraser, s. 150–152
  3. Carlisle, pp.176,177)
  4. The original grant of arms to Colonel William Carlos is still extant, a copy can be found displayed inside St. Mary's Church, Brewood. No grant of arms is extant for the Penderel family and a number of authorities assert that the Penderel family assumed arms based on those of Colonel Carlos, see Archaeologia Cambrensis, Third Series no. XVII January 1859, "The Penderel family" s. 118.
  5. «General history: Knights of the Royal Oak», The History and Topographical Survey of the County of Kent: Volume 1. Originally published by W Bristow, Canterbury, British History Online, 1797., s. 229 
  6. Simpson, Jacqueline; Steve Roud (2003), «Royal Oak Day», A Dictionary of English Folklore, Oxford University Press 
  7. Eit døme frå 1680 er ved Metropolitan Museum i New York metmuseum.org).
  8. Strange Names Arkivert 2010-06-30 ved Wayback Machine.; «British Beer and Pub Association Fact Sheet, 2007». BBPA. Arkivert frå originalen 8. april 2009. Henta 5. november 2017. ; «Article at Solihull CAMRA site, 2007». CAMRA. Arkivert frå originalen 1. mars 2012. Henta 5. november 2017. ; Most common names of open pubs listed on Pubs Galore
  9. Mills, A.D. (2010), «Royal Oak.», A Dictionary of London Place-Names, Oxford University Press 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Royal Oak

52°40′12″N 2°14′30″W / 52.66999°N 2.24179°W / 52.66999; -2.24179