Russarar (russisk русские, russkije), er ei aust-slavisk folkegruppe med russisk som morsmål. Dei bur hovudsakleg i Russland og nabolanda. Medan det òg er vanleg å kalla alle innbyggjarane i Russland russarar, er det berre 80 % av dei som er etniske russarar. På russisk skil ein mellom russkije, som er etniske russarar og rossijane som er borgarar av Russland.

Tre generasjonar russarar i Uralregionen tidleg på 1900-talet. (Foto: Sergei Mikhailovitsj Prokudin-Gorski)

Det finst om lag 137 millionar russarar i verda og dei er dermed den største folkegruppa i Europa og blant dei største i verda. Ved folketeljinga i Russland i 2002 oppgav 115 868 000 menneske å vera av russisk nasjonalitet. Dette utgjorde 79,8 % av folkesetnaden i Russland. Russarar var den største folkegruppa i Sovjetunionen og utgjer etter oppløysinga av denne store minoritetar i mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane. Russarar utgjer 29 % av befolkninga i Latvia, 27 % i Kasakhstan, 25,7 % i Estland, 17,3 % i Ukraina og 11,4 % i Kviterussland. Om lag 3 millionar bur ikkje i Russland eller nabolanda, men spreidd over heile verda, særleg til Nord-Amerika.

Dei fleste russarar er sterkt eller noko knytte til den ortodokse kyrkja, særleg den russisk-ortodokse.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Russarar