Russebuss

buss som vert nytta under russefeiring

Russebuss er ein buss som russ, avgangselevar i vidaregåande skule, nyttar til transport og «kulturelle aktivitetar» i samband med feiringa av at dei er ferdige med skulen. Slike bussar, som er privat eigd av einskilde elevar, vanlegvis fleire i lag, er ofte utstyrte med aggregat og kraftige høgtalarar for å spela høg musikk.

Ein russebuss med kraftige utvendige høgtalarar på taket.

Bussane er som oftast utrangerte rutebussar som er ombygde og restaurerte, og kostnadene med både ombygging, utstyring og drift av dei er store.

Sjå òg endre