Russekål
Russekål
Russekål
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Buniadeae
Slekt: Bunias
Art: Russekål B. orientalis
Vitskapleg namn
Bunias orientalis

Russekål (Bunias orientalis) er ein flerårig art i krossblomfamilien.

Planten er sterkt greina, og kan bli meterhøg med ei kraftig pålerot som kan gå 1,5 m ned i jorda. Blomane er gule og skulpen er kort og knudretet; han opnar seg ikkje. Frøproduksjonen kan variera frå 200 til 10 000 frø per plante.

Russekål veks i grasmark, på gardsplassar, ballastplasser, vegkanter og jernbaneskråningar, der han kan vera eit uønska ugras. Arten høyrer heime i Russland og Asia. Han kom til Sverige i 1760-åra og skal ha blitt funnen på Kongsberg allereie i 1802.[1] Siden har han spreidd seg på Austlandet og i Trøndelag, til dels også på Vestlandet og langs kysten nord til Nordland.

Kjelder endre

  1. «Bunias orientalis russekål», artsdatabanken.no, henta 7. juli 2023 

Bakgrunnsstoff endre