Russell Ira Crowe (fødd 7. april 1964) er ein newzealandsk-australsk filmskodespelar. Han vann oscarprisen for beste mannlege hovudrolle i Gladiatoren i 2001.

Russell Crowe

Statsborgarskap New Zealand
Fødd 7. april 1964 (59 år)
Wellington
Yrke skodespelar, filmprodusent, songar, musikar, karakterskodespelar, manusforfattar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmregissør, komponist, regissør
Språk engelsk
Høgd 1,82 meter
Far ingen verdi
Mor ingen verdi
Ektefelle Danielle Spencer
Russell Crowe på Commons

Crowe vart fødd i WellingtonNew Zealand der han gikk på Auckland Grammar School. Då han var fire flytta familien til Australia. Då han var 14 flytta dei tilbake til New Zealand igjen, og som 21-åring reiste Crowe tilbake til Australia på eiga hand. Han hadde tenkt å studera skodespel ved National Institute of Dramatic Art, men etter råd frå ein ven let han dette vera.[1] I staden dreiv han mellom anna som gatemusikant i eit halvår.[2]

Crowe byrja skodespelarkarriera si fjernsynsseriane Neighbours og Living with the Law, før han filmdebuterte i The Crossing og Blood Oath i 1990. I 1991 spelte han in Proof, som gav han ein Australian Film Institute (AFI)-pris for beste birolle. I 1992 vann han AFI-rpisen som beste mannlege skodespelar for rolla si i Romper Stomper.

Etter suksessen i Australia fekk Crowe rollar i Hollywood-filmar. Han spelte saman med Denzel Washington i Virtuosity og med Sharon Stone i The Quick and the Dead i 1995. I 2001 vann han to oscarprisar for Gladiatoren. Han blei også oscarnominert for The Insider og A Beautiful Mind, den sistnemnde vann han ein BAFTA-pris for.

I 2005 samarbeidde Crowe med A Beautiful Mind-regissøren Ron Howard igjen i Cinderella Man, og i 2006 med Gladiator-regissøren Ridley Scott i A Good Year og seinare American Gangster, der han igjen spelte med Denzel Washington.

Crowe gifta seg med den australske skodespelaren og songaren Danielle Spencer i 2003. Dei har to søner.

Kjelder endre

  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.