Russisk rulett er eit hasardspel der ein har livet som innsats. I spelet vert ein revolver lada med eitt av seks moglege skot, før tønna vert snurra og våpenet vert trekt av mot tinningen.

Ein revolver er naudsynt for å kunne spele russisk rulett

Det er usikkert kvar spelet oppstod. Ein versjon seier at offiserar i den russiske hæren som var stasjonert i Romania i 1917, som følte at dei mista hus, pengar og prestisje, samstundes som dei meinte seg vanæra i høve til allierte soldatar, skal ha spela spelet med seg sjølve, men då med fem skot i tønna i staden for eitt.[1]

Kjelder endre

«russisk_rulett» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar endre