Ruth Maier

austerriksk forfattar

Ruth Maier (10. november 19201. desember 1942) var ei jødisk kvinne frå Austerrike som budde i Noreg under andre verdskrigen. Ho vart fødd i Wien i 1920, og kom til Noreg etter Anschluss i 1938, da den nazistiske terroren mot jødane byrja i Austerrike. Medan ho var i Noreg vart ho veninne med den norske forfattaren Gunvor Hofmo.

Ruth Maier

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 10. november 1920
Wien
Død

1. desember 1942 (22 år)
Auschwitz, Oświęcim

Yrke skribent, student
Språk tysk
Ruth Maier på Commons
Frognerparken med «Overrasket» av Gustav Vigeland.

Ho vart allment kjend i Noreg hausten 2007, da forfattaren Jan Erik Vold omsette og gav ut dagboka hennar, ei bok som spenner frå barndomen i Wien til norsk politi arresterte henne 26. november 1942, og ho vart deportert frå kaia ved Akershus festning med fangeskipet Donau. Ho vart gassa i hel og brend nokre få dagar seinare, i Auschwitz, 1. desember 1942. Ruth Maier vart 22 år gammal.

Dagboka til Ruth Maier viser at ho var reflektert, hadde lese mykje og var politisk engasjert, og at ho var ein gåverik person med litterært talent. Utgivinga av dagboka inspirerte til samanlikningar med Anne Frank.

Ruth Maier stod modell for Gustav Vigelands skulptur «Overrasket» (1942) som har stått i utkanten av Vigelandsanlegget i Frognerparken sidan 2002.[1][2] Andletet på skulpturen førestiller Inga Syvertsen som stod modell då Vigeland byrja arbeidet med skulpturen nesten 40 år tidlegare.[3]

Kjelder endre

  1. http://www.aftenposten.no/amagasinet/article2042118.ece Aftenposten om Ruth Maier, Norges «Anne Frank»
  2. http://www.vigeland.museum.no/no/vigelandsparken/andre-skulpturer Arkivert 2012-10-02 ved Wayback Machine. lese 3. september 2012
  3. Ny Vigeland-skulptur med broket historie Stavanger Aftenblad Arkivert 2013-12-30 ved Wayback Machine., 2.august 2002, lest 3. september 2012