Rzav (serbisk Рзав) er ei elv sørvest i Serbia. Ho er 62 km lang og ei sideelv til Golijska Moravica frå venstre. Ho spring ut frå to kjeldeelvar, Veliki Rzav og Mali Rzav. Elva vert stundom kalla Golijski Rzav (Голијски Рзав; Rzav i Golija) for å skilje ho frå ei anna Rzav i Serbia, Rzav i Zlatibor.

Rzav (Рзав)
elv
Land  Serbia
Nedslagsfelt 575 km²
Lengd 62 km
Kjelde Fjellet Murtenica (Zlatibor, som Veliki Rzav)
Munning Golijska Moravica nær Arilje
Kart
Rzav i Golija
43°46′10″N 20°06′04″E / 43.7694°N 20.101°E / 43.7694; 20.101
Wikimedia Commons: Rzav (Golijska Moravica)

Mali Rzav er den kortaste kjeldeelva til Rzav og spring ut frå nordsida av fjellet Mučanj nær landsbyen Katići. Ho møger Veliki Rzav ved fjellet Blagaja. Veliki Rzav er den lengste kjeldeelva til Rzav og vert stundom berre kalla Rzav. Ho spring ut frå sørsida av fjellet Murtenica, som høyrer til Zlatibor. Etter dei to elvane renn saman er Rzav mindre enn 10 km lang før ho munnar ut i Golijska Moravica.

Rzav drenerer eit område på 575 km² og høyrer til Svartehavet sitt nedslagsfelt.

Kjelder endre