Säntis er eit 2 502 meter høgt fjell i det nordaustlege Sveits. Fjelltoppen ligg på grensa mellom dei tre kantonane Appenzell Ausserrhoden, Appenzell Innerrhoden og St. Gallen. Säntis er det høgste fjellet i alle dei tre kantonane og i Appenzelleralpane. Frå toppen kan ein sjå seks land; Sveits, Austerrike, Frankrike, Italia, Liechtenstein og Tyskland.

Säntis
fjell
Säntis til venstre og Schafberg
Land  Sveits
Fjellkjede Appenzelleralpane
Høgd 2 502 moh.
Primærfaktor 2 021 m
Koordinatar 47°14′57.73″N 9°20′35.92″E / 47.2493694°N 9.3433111°E / 47.2493694; 9.3433111
Førstestiging to prestar
 - dato 1680
Kart
Säntis
47°14′57″N 9°20′36″E / 47.249167°N 9.343333°E / 47.249167; 9.343333
Plassering i Sveits
Plassering i Sveits
Plassering i Sveits
Wikimedia Commons: Säntis

Fjelltoppen vart nådd første gongen den 14. desember 1680, då to prestar og ein naturforskar frå Zürich saman med ein førar frå Appenzell Innerrhoden gjekk til topps. Dei tok turen for å kome nærare ein komet som passerte jordkloten.

Frå Schwägalp går det ei taubane til toppen av Säntis. Den første taubana vart bygt 1933-35. Allereie i 1846 vart det bygt gjestgjeveri på toppen, og sidan 1882 var det ein betjent vêrstasjon på fjellet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre