Sædgås

art av andefuglar
Sædgås
Sædgås
Sædgås
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av sædgås
Utbreiinga av sædgås
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Stamme: Gås Anserini
Slekt: Anser
Art: Sædgås A. fabalis
Vitskapleg namn
Anser fabalis

Sædgås (Anser fabalis), er ei mellomstor gås i slekta av grå gjæser som hekkar i Nord-Europa og Asia. Ho er ein trekkfugl og overvintrar lenger sør i Europa og i Asia. Ho er nært i slekt med tundrasædgås, dei to artane var tidlegare rekna som ein art.

Dei vitskaplege namna på sædgås-artane kjem frå vanen dei tidlegare hadde med å beite på bønnemarker om vinteren. Anser er latin for «gås», og fabalis er avleidd frå latin faba, ei «brei bønne», hestebønne.[2] Artsnamnet «sædgås» på dei skandinaviske språka kan ha liknande forklaring, etter korn som er sådd.[3]

Skildring endre

 
Sædgås (Anser fabalis sensu stricto) i bakgrunnen, tundrasædgås (Anser serrirostris) i forgrunnen og grågås til høgre, ved Spaarndam, Nord-Holland, Nederland.
Foto: Arnoud B. van den Berg

Kroppslengda varierer frå 68 til 90 cm, vengespenn frå 140 til 174 cm. Vekta er 3–4 kg, hannar er litt større enn hofuglar.

Kjenneteikna som skil sædgås frå dei liknande slektningane er mørkt hovud og mørk hals, på avstand nesten svart. Mørk rygg, sterkt og lys oransjefarga bein og føter og ei oransje markering på eit nesten svart nebb. Nebbet er svart ved botnen og tuppen, og har eit oransje band over midten, varierande i form og storleik med underarten.

Dei øvre vengdekkarane er mørkebrune, som hos tundragås, men skil seg ved å ha smale kvite frynsar til fjørene. Den nært nærskylde kortnebbgåsa har lysare, gråblå øvre vengdekkarar, kortare nebb med rosa flekk i midten, og føtene er òg rosa.

Ropet er høgt tutande, høgare toneleie hos dei mindre underartene.

Sædgåsa hekkar i våtmarksområde med vegetasjon rundt opent vatn, i område med barskog eller lauvskog. Her lever dei hovudsakleg av røter og skot av grasvekster som til dømes myrull og sneller. Overvintring skjer typisk i jordbruksområde der dei kan beite på gras og rester frå avlingane, inkludert potet og andre rotvekstar.

Taksonomi og utbreiing endre

Tundrasædgås og sædgås er anerkjende som separate artar av American Ornithologists' Union og International Ornithologists' Union (IOC), men blir samla sett rekna som ein enkelt art av andre autoritetar. Sædgåsa og tundrasædgåsa divergerte for rundt 2,5 millionar år sidan og etablerte sekundærkontakt for ca. 60 000 år sidan, noko som resulterte i omfattande genstraum.[4]

Sædgås-taksonet har tre underartar, med kompleks variasjon i kroppsstorleik og nebbstorleik og mønster; generelt aukar storleiken frå nord til sør og frå vest til aust.

Sædgås (Anser fabalis sensu stricto) (Latham, 1787):

  • A. f. fabalis (Latham, 1787). Utbreidd frå Skandinavia austover til Ural. Overvintrar i Europa inkludert to flokkar i Storbritannia. Den minste underarten med kortaste hals. Langt, smalt nebb med breitt oransje band.
  • A. f. johanseni (Delacour, 1951). På skogkledd tundra mellon Uralfjella og Baikalsjøen, overvintrar frå Iran og Turkmenistan i vest austover til vestre Kina. Storleik mellom dei andre to, nebbet er langt og smalt, med smalt oransje band.
  • A. f. middendorffii (Severtzov, 1873). Taiga aust for Baikal, overvintrar i austre Kina og i Japan. Største underarten med lang hals og lange bein, nebbet er langt og slangt med smalt oransje band mot tuppen.

I Noreg endre

 
Sædgåsegg

Sædgås er ein fåtalig hekkefugl i indre Troms, Finnmark og i eller nær Børgefjell nasjonalpark. Dei blir òg observerte i andre delar av landet på trekk og få individ kan overvintre i Noreg. Storleiken på hekkepopulasjonen var estimert til ca. 60-120 individ i 2015. I 2021 vart arten oppgradert frå sårbar til sterkt truga (EN) på den norske raudlista for artar.[5]

Kjelder endre

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark taigasædgås Anser fabalis (Latham, 1787) Henta 19. desember 2021
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 48, 157. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Nynorskordboka og Bokmålsordboka-sæd
  4. Ottenburghs, Jente; Honka, Johanna; Müskens, Gerard J. D. M.; Ellegren, Hans (26 May 2020). «Recent introgression between Taiga Bean Goose and Tundra Bean Goose results in a largely homogeneous landscape of genetic differentiation». Heredity (på engelsk) 125 (1–2): 73–84. ISSN 1365-2540. PMC 7413267. PMID 32451423. doi:10.1038/s41437-020-0322-z. 
  5. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av taigasædgås Anser fabalis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 19. desember 2021

Bakgrunnsstoff endre

«sædgås» av Rolf Terje Kroglund i Store norske leksikon, snl.no.