Söderhamns kommun

kommune i Gävleborg len i Sverige

Söderhamns kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige som ligg ved Bottenhavet. Kommunen grensar til Hudiksvalls kommun i nord, Gävle kommun og Ockelbo kommun i sør og Bollnäs kommun i vest, alle i Gävleborgs län. Administrasjonssenteret i kommunen er Söderhamn.

Söderhamns kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Hälsingland
Del av Hälsingland, Q61663377, Q61663374, Q117021981
Centralort Söderhamn
Areal 1 065 km²
Folketal 26 731
Folketettleik 25,1 / km²
Kart
Söderhamns kommun
61°18′00″N 17°05′00″E / 61.3°N 17.083333333333°E / 61.3; 17.083333333333
Wikimedia Commons: Söderhamn Municipality
Nettstad: www.soderhamn.se

Aust i kommunen finn ein for det meste småkupert kystslette, medan terrenget i vest er høgare. Elva Ljusnan renn gjennom kommunen fra vest til aust, og dannar innsjøane Bergviken og Marmen. Kystlinja er innskoren, og utanfor kysten ligg det mange øyar. Næringslivet i Söderhamns kommun er dominert av tre- og treforedlingsindustri, i tillegg til kjemisk og elektroteknisk industri.

Administrativ historikk endre

Ved kommunereforma i 1952 vart storkommunane Norrala (av Norrala og Trönö) og Söderala (av Mo og Söderala) oppretta. Det vart ikkje gjort endringar i Söderhamns stad og Skogs landskommun. I 1971 vart Söderhamns kommun oppretta gjennom samanslåing av byen, Norrala og Söderala, samt forsamlinga Skog frå Skogs kommun.

Kommunevåpenet endre

Blasonering: På eit skjold med bakgrunn av sølv, eit raudt pinasskip med to krosslagde gevær i same farge ovanfor.[1]

Våpenet til Söderhamns kommun vart fastsett av kongen for den dåverande Söderhamns stad i 1927 og går tilbake til eit segl frå privilegiebrevet frå byen (1620). Ved kommuneopprettinga hadde også Norrala og Söderala våpen. Men det var byvåpenet som vart registrert for den nye kommunen i Patent- och registreringsverket i 1974.

Tettstader endre

Det er elleve tettstader i Söderhamns kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Söderhamn 12 056
2. Ljusne 2 155
3. Sandarne 2 051
4. Söderala 961
5. Bergvik 847
6. Vannsätter 489
7. Marmaverken 416
8. Mohed 416
9. Skog 312
10. Vallvik 288
11. Marmaskogen 254

Folk frå Söderhamn endre

Kjelder endre

Fotnote endre

  1. «I en sköld av silver en röd pinass med däruti ställda tvenne korslagda musköter av samma färg».