Søfteland Rock n' LOL

Søfteland Rock n' LOL er ein musikkfestival som held til på Søfteland i Os i Hordaland. Festivalen vart starta i 2007 av nokre unge arrangørar som ikkje fekk leiga lokale til konsert fordi dei ikkje var tjuefem.

Historie endre

16. juni 2007 vart datoen for den første rock n' LOL festivalen, han vart halden i ein hage og hadde omkring 200 besøkande. Året etter flytta festivalen frå hage til gard og fekk mykje meir plass å boltra seg på, og billetsalet gjekk opp til 600. I 2009 gjekk fesetivalen av stabelen 17.-18. juli og hadde doble besøkstal, med 1600 besøkande. Kjende namn som Karin Park og Lars Vaular stod på plakaten. I 2010 vart festivalen halden 16.-17. juli.

Kjelder endre