Sølvguttene (NRKs guttekor) er eit norsk gutekor stifta av Torstein Grythe i 1940. Grythe dirigerte koret fram til 2004, då Fredrik Otterstad tok over. I 2019 blei også Frikk Heide-Steen tilsett som dirigent i full stilling. Koret har opptredd over heile Noreg og har vitja utlandet ei rekkje gonger. Dei har også vore NRK sitt gutekor, og er kjende for sine julaftankonsertar på fjernsyn, i tillegg til ei rekkje julekonsertar elles. Sølvguttene har motteke fleire nasjonale og internasjonale utmerkingar, og vann førsteprisen i korkonkurransen «Let the Peoples Sing» halden av BBC i 1971.

Sølvguttene syng i gravferda til grunnleggjaren sin, Torstein Grythe.
Sølvguttene under sin årlege julekonsert i Oslo rådhus litle julaftan 2005.

Historie endre

Koret starta opphavleg som ei lita gruppe solistar frå Oslo Domkor der Torstein Grythe var songar og musikalsk assistent for domorganist Arild Sandvold. Det blei etterkvart eit eige kor som tok namnet «Sølvguttene». Namnet var inspirert av det engelske «Silver Songsters»,[1] at ein solist i koret var kjend som «gutten med sølvstrupen», og dei opphavlege, sølvfarga draktene koret tok i bruk i 1941. Ved byrjinga av krigen hadde koret arbeidd med NRK, og arbeidet byrja opp att i fredsåra. I 1968 blei Sølvgutten slått saman med guttekoret i NRK, som Torstein Grythe også var dirigent for, til «Sølvguttene - NRKs guttekor».

Musikk endre

Sølvguttene er rekna som eit gutekor i verdsklasse. Repertoaret deira er hovudsakleg kyrkjemusikk frå alle tider, som gregorianske sekvensar og samtidsmusikk av mellom anna Knut Nystedt og Kjell Mørk Karlsen. Dei syng også verdsleg norsk og internasjonal kormusikk, folketonar og madrigalar.

Sølvguttene opptrer i fleire ulike grupperingar. Konsertkoret er eit fullt kor av unge sopranar og altar og vaksne tenorar og bassar. Nokre av gutesopranane er med i ei solistgruppe som kan opptre på eiga hand. Enkeltsolistar kan også opptre åleine. Kormedlem som har gått gjennom stemmeskiftet kan bli med i ungdomsgruppa VoiceOver, medan dei vaksne songarane dannar Herregruppen.

Koret har sunge saman med fleire kjende, internasjonale artistar som Kiri Te Kanawa, Andrea Bocelli, Barbara Hendrix, og ei rekkje norske, som Morten Harket og Ole Edvard Antonsen. Dei har også hatt eit nært samarbeid med Den Norske Opera, Oslo Filharmonien, Nationaltheatret og Rikskonsertane. Av tidlegare medlemmer i Sølvguttene kan nemnast operasongaren Terje Stensvold og cellisten Truls Mørk.

Nyare plateutgjevingar endre

(utval)

  • Julenatt (1987)
  • Norge, mitt Norge (1989)
  • Sølvguttene 50 år (1990)
  • Sølvguttene i Boda Kyrkja (1995)
  • Grüsse aus Norwegen (1996))
  • Sølvguttene i Westminster Abbey (1996)
  • Kormusikk fra Norge i middelalder og renessanse samt fra vår tid (1997)
  • Sølvguttene 60 år (2000)
  • Sølvguttene synger julen inn (2001)
  • Julemesse - Missa in nativitate domini (2006)
  • Desember Stemninger (2009, med Ole Edvard Antonsen)
  • Sølvguttene Live: Te Deum av Charpentier (2010)
  • Pacem (2011, Ellen Sejersted Bødtker & Sølvguttene)
  • Pervane - fløyet fra Guds hånd (2013, Sølvguttene & Kudsi Erguner)
  • Gull i munn - Prøysens gutteviser (2014, Jørn Simen Øverli & Sølvguttene)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sølvguttene

Litteratur

Kjelder endre

  1. «Steffani and his Silver Songsters» Arkivert 2012-01-23 ved Wayback Machine. ved boysoloist.com

«Sølvguttene» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar