Søppelkompaktor er ei maskin som vert nytta for å pressa saman søppel på fyllingar. Maskinane er svært like hjuldosarar og hjullastarar og kan vera ombygde utgåver av desse. Men i staden for gummihjul har søppelkompaktorar stålhjul med piggar, som knusar søpplet og gjer det lettare å komprimera. Maskinane har som oftast eit frontmontert skjer, som på ein hjuldosar.

Ein søppelkompaktor i arbeid på ein søppelfylling.