64°44′23.248″N 10°46′53.530″E / 64.73979111°N 10.78153611°E / 64.73979111; 10.78153611

Frå Sør-Gjæslingan

Sør-Gjæslingan er eit fråflytta fiskevær som ligg i Nærøysund kommune i Trøndelag. Området har ei gruppe småøyar ut mot havstykket Folla, og ligg 5 mil sørvest for Rørvik. Det vart freda som eit kulturmiljø i 2010 og ligg under kystmuseet i Nord-Trøndelag. Det er i dag satsa på turistnæring her. Fiskeværet var tidlegare det største på Namdalskysten, med opp til 4 000 fiskarar samla under skreifisket, og eit av dei største fiskeværa sør for Lofoten.[1][2]

Gjester kan bu i dei gamle rorbuene og oppleve lokal historie og natur. Det er utleige møterom med sanitæranlegg og servering av mat. Ein kan også bestille båtar for fisketurar på havet eller for ferdsel på sjøen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Sør-Gjæslingan». Store Norske Leksikon. Henta 4. september 2013. 
  2. «Opplev Sør-Gjæslingan». kystriksveien.no. Henta 4. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre