Søralpane (engelsk Southern Alps) er ei fjellkjede som går langsetter vestsida på SørøyaNew Zealand. Ho lagar eit naturleg skilje langs heile Sørøya. Nemninga «Søralpane» gjeld i dei fleste samanhengar heile fjellkjeda, sjølv om separate namn vert bruka på mange av dei mindre kjedene som dannar delar av henne.

Søralpane
fjellkjede
Land  New Zealand
Kart
Søralpane
43°21′54″S 170°37′26″E / 43.365°S 170.624°E / -43.365; 170.624
Wikimedia Commons: Southern Alps
Snø lyser opp Søralpane på dette satellittfotoet av Sørøya på New Zealand. (Foto: NASA).

Aoraki/Mount Cook er det høgaste punktet på 3 754 moh. Det er 16 andre toppar i denne kjeda som når opp over 3 000 meter i høgde. Ein stor del av fjelkjeda er teken vare på som del av ulike nasjonalparkar, dei mest kjende er Westland National Park, Mount Aspiring National Park og Aoraki/Mount Cook National Park. I følgje ei undersøking seint på 1970-talet fanst det over 3000 isbrear større enn eit hektar i Søralpane.[1] Den største av desse, Tasmanbreen, er 29 km lang.[2]

Søralpane fekk namnet sitt av kaptein James Cook den 23. mars 1770, som skreiv om den «enorme høgda» deira.[3] Dei hadde tidlegare vore omtala av Abel Tasman i 1642, og hans omtale har ofte vorten omsett med «land som er høgt løfta opp».[4]

Søralpane ligg langs grensa til ei geologisk jordskorpeplate, ein del av «eldringen i Stillehavet», med Stillehavsplata i søraust, som skuvar seg vestover og kolliderer med den nordgåande Indo-Australske plata i nordvest.[5] Gjennom dei siste 45 millionar åra har samanstøyten skuva opp ei 20 km tjukk steinmengde frå Stillehavsplata og danna alpane, men mykje av dette er erodert bort. Oppløftinga har vore snøggast i dei siste fem millionar åra, fjella held enno i dag på å heva seg gjennom tektonisk trykk, og fører til jordskjelv langs forkastingssona Alpine Fault. Trass i den betydelege landhevinga er det meste av den relative rørsla langs Alpine Fault sidevegs, ikkje vertikal[6].

På grunn av at Søralpane er orienterte på tvers av dei vanlegaste, vestlege vindane, dannar fjellkjeda framifrå tilhøve for seglflyging. Byen Omarama, som ligg i le av fjella, er internasjonalt kjend for desse gode tilhøva. Vindane frå vest dannar også eit vêrmønster kjent som Nor'west arch, der fuktig luft vert skuva opp over fjella, og dannar ein boge av skyer på ein elles blå himmel. Dette vêrmønsteret er ofte synleg om sommaren over Canterbury og North Otago. 'Nor'wester' er ein fønvind på linje med Chinookvinden i Canada, der fjellkjeder som støyter mot fuktige vindar tvingar lufta opp, slik at ho vert avkjølt og fuktigheita kondenserer til regn. Dette gir varme og tørre vindar i lufta som kjem ned att i le av fjella.

Panorama over noko av Søralpane om vinteren sett frå toppen av Hamilton Peak i Craigieburn Range.
Utsyn mot Søralpane i South Westland.

Kjelder endre

  1. Chinn, T.J. (2001). Distribution of the glacial water resources of New Zealand Arkivert 2008-10-16 ved Wayback Machine., Journal of Hydrology (New Zealand), 40(2), 139–187
  2. Lambert, M. (ed) (1989) Air New Zealand Almanack Wellington: New Zealand Press Association. p. 165
  3. Reed, A.W. (1975). Place names of New Zealand. Wellington: A.H. & A.W. Reed. s. 384. ISBN 0-589-00933-8. 
  4. Orsman, H. and Moore, J. (eds) (1988) Heinemann Dictionary of New Zealand Quotations, Heinemann, s. 629.
  5. Campbell, Hamish; Hutching, Gerard (2007). In Search of Ancient New Zealand. North Shore og Wellington, New Zealand: Penguin Books, in association with GNS Science. s. 35. ISBN 9780143020882. 
  6. Campbell, Hamish; Hutching, Gerard (2007). In Search of Ancient New Zealand. North Shore og Wellington, New Zealand: Penguin Books, in association with GNS Science. s. 204–205. ISBN 9780143020882.