Sørbrunkivi

fugleart
Sørbrunkivi
Tokoeka, Apteryx australis i det fri Foto: Glen Fergus
Tokoeka, Apteryx australis i det fri
Foto: Glen Fergus
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av sørbrunkivi
Utbreiinga av sørbrunkivi
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Infraklasse: Palaeognathae
Orden: Apterygiformes
Familie: Apterygidae
Slekt: Kiviar Apteryx
Art: Sørbrunkivi A. australis
Vitskapleg namn
Apteryx australis

Sørbrunkivi, Apteryx australis, òg kjent som tokoeka, er ein mellomstor kiviartSørøya på New Zealand og på Stewart Island sør for Sørøya. Sørbrunkivi tilhøyrer kivifamilien og er plassert i sin eigen biologiske orden Apterygiformes. Kivifamilien er endemisk for New Zealand.

Taksonomi endre

Fram til år 2000 blei det som den gongen var kalla brunkivi, Apteryx australis, tenkt å inkludere okaritokivi og nordbrunkivi, i tillegg til sørbrunkivi. Men ved hjelp av genetiske kodar frå kvar av dei ovannemnde, blei det fastslått at tokoeka var ein eigen art, tok namnet Apteryx australis, og nordbrunkivi, noverande Apteryx mantelli blei splitta ut. Kort tid etter, blei fleire genetiske testar gjort med okaritokivi og det blei avgjort at okaritokivi var ein eigen art med vitskapleg namn Apteryx rowi.

Sørbrunkivi er delt inn i to underartar:

  • Apteryx australis australis, er ein populasjon på ca. 7000 fuglar er funne på sørvestre del av Sørøya på New Zealand, Fiordland. Ein åtskilt delbestand i Haast, nordlege Fiordland, held berre rundt 250 gjenlevande individ.[1]
  • Apteryx australis lawryi, lever på Stewart Island/Rakiura, og er relativt vanleg, 20 000 fuglar, i heile utbreiingsområdet, ca. 17 fuglar per kvadratkilometer.

Det vitskaplege namnet for sørbrunkivi, Apteryx australis, er basert på gresk og latin. Apteryx tyder A- 'utan', pterux 'venger', og auster 'vinden frå sør', og -alis 'relatert til'. Australis tyder her 'relatert til sørleg vind' og ikkje Australia.[2]

Skildring endre

Sørbrunkiviar er typisk mørkebrune på Stewart Island med variasjonar i meir gråbrunt i Fjordland og populasjonen i Haast er kjenneteikna av meir raudbrun fjørdrakt. Fjørene er smykka med raudbrune streker i lengderetninga.[1] Kroppslengda er på 45–55 cm, hoa veg 2.1-3.9 kg og hannen veg 1.6-2.8 kg. Nebbet er langt og slankt og svakt nedkurva. Som andre kiviar er denne arten eit nattdyr.

Til likskap med strutsefuglar, manglar dei brystbeinskam på brystbeinet, sternum, og dei har ein særeigen gane.[3] Denne fuglen har ingen gumpkjertel, og fjørene har ingen bistrålehakar. Dei har store vêrhår rundt nebbet, og har pygostyle som manglar halefjører.

Habitatet deira er tempererte og subtropiske skogar, grassletter, og buskland, jo tettare jo betre.[3] Dei er utbreidd over heile Stewart Island kor dei òg lever på sanddynene.[1]

Åtferd endre

Sørbrunkivi kommuniserer vokalt for å forsvare territoriet sitt. Dei vil òg synge duettar med kvarandre. Hannar har meir skingrande læte, hoer er hese og gutturale. Hannane er meir vokal og dei begge syng i ei oppreist stilling med beina strekt ut og nebbet peikande opp.[3]

Sørbrunkivi har eit langt tynnt nebb med nasebor ved spissen, som bidreg til å gje dei den utmerkte luktesansen deira. Dei nyttar luktesans meir enn synet og høyrsla til å søkje fram virvellause dyr, inkludert meitemark, biller larvar, sniglar, edderkoppar, skolopendrar og rettvenger. Kråsen er veik og underutvikla grunna lite plantekost.[3]

Sørbrunkivi, som alle kiwiar, har to fungerande eggstokkar, men berre den venstre eggleiar er i funksjon, slik at egg frå begge eggstokkane passerer gjennom den venstre. Dette er ein monogam art og når eit par er gått saman, vil de forsvare territoriet sitt med varsellydar. Storleiken på territoria deira er mellom 5 og 43 hektar. Reiret blir lagt i hòler, eller skjerma under tett vegetasjon. Hoa legg 1-2 egg, vanlegvis berre eitt, kor hannen rugar i 90 dagar. Nokre dagar etter klekking vil ungen gå ut av reiret og finne føde på eiga hand, sjølv om det kan halde seg rundt foreldra i eit år. Når dei ikkje rugar egg, skjuler dei seg og kviler åleine på avskjerma plassar på bakkenivå.[3]

Trugsmål og vern endre

Etter at arten vart anerkjent av IUCN i 2000, blei han klassifisert som sårbar.[1] Populasjonen er estimert til totalt 29 800 individ (2008) og er minkande.[1] Ein art av pungrev Trichosurus vulpecula, og røyskatt, et egga, røyskatt og kattar et ungar og ungfuglar. Vaksne er òg truga av hundar, ilderar og pungrevar åtakar både vaksne og ungar. Populasjonen på Stewart Island er stabil på grunn av mangel på desse rovdyra.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 BirdLife International 2012
  2. Gotch, A.F. (1995) [1979]. «Kiwis». Latin Names Explained. A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. London: Facts on File. s. 180. ISBN 0-8160-3377-3. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Davies, S.J.J.F. (2003). «Kiwis». I Hutchins, Michael. Kiwis. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 89–92. ISBN 0-7876-5784-0. 

Bakgrunnsstoff endre