Sørestisk (og ofte kalla Võro-språk, etter ein by i Sør-Estland) er eit austersjøfinsk språk som blir brukt i dei søraustlege delane av Estland. Sørestisk blir snakka av om lag 70000 menneske. Tradisjonelt er sørestisk sett som ein dialekt av estisk, men grammatikken skil seg på fleire område mykje frå standard-estisk; mellom anna har sørestisk, i likskap med finsk, vokalharmoni — noko det nordestiske standardspråket ikkje har. Andre grammatiske trekk minner meir om livisk. Brukarar av språket var lenge utsette for eit stort normeringspress. Ei sørestisk folkerørsle arbeider difor for at språket skal få status som minoritetsspråk.

Sørestisk
lõunaeesti kiil
Klassifisering Uralsk
 Finsk
  Estisk
   Sørestisk
Bruk
Tala i Estland
Sørestisktalande i alt 80 000
Språkkodar
ISO 639-2 Ingen
ISO 639-3 vro
Glottolog sout2679
Wikipedia på sørestisk
Delen av võro-talarar i prosent av folkesetnaden etter kommune, i følgje folketeljinga frå 2011.

Skriftspråk endre

Etter ein lang periode utan standardisert skriftspråk vart det i 1990 laga eit eige skriftspråk for sørestisk. Det er opplæring i dette skriftspråket i 26 skolar i søraust-Estland, og på universitetet i Tartu. Avisa Uma Leht "(Vårt) eige blad" kjem ut ein gong annakvar veke (2010-talet).

Sørestisk har dei same bokstavane som nordestisk (det vanlege latinske alfabetet pluss bokstavane ä, ö, ü. õ), med desse tillegga: q står for ein glottal stopp [ʔ], y står for ein bakre urunda vokal (mykje lik russisk ы. Aksentmerket ´ markerer palatalisering av konsonanten som teiknet knyter seg til, ś, ń, , , , etc. Alle andre konsonantar enn q og j kan palataliserast.

Historie endre

Skilnaden mellom sør- og nordestisk går attende til tida då det gjekk ei riksgrense gjennom Estland. Sørestisk stod sterkt som skriftspråk i denne perioden, Det nye testamentet vart omsett til sørestisk i 1686, Wastne Testament. Med nasjonalismen og revitaliseringa av det nordestiske skriftspråket fram mot slutten av 1800-talet, gjekk sørestisk meir og meir ut av bruk som skriftspråk, og det vart ikkje gjort forsøk på å ta det opp att før på slutten av 1980-talet.

Språkdøme endre

Meie Essa (Fader vår)
Meie Essa taiwan: pühhändetus sago sinno nimmi. Sinno rikk tulgo. Sinno tahtmine sündko kui taiwan, nida ka ma pääl. Meie päiwaliko leiba anna meile täämba. Nink anna meile andis meie süda, nida kui ka meie andis anname ommile süüdleisile. Nink ärra sada meid mitte kiusatuse sisse; enge pästa meid ärra kurjast: Sest sinno perralt om rikk, nink wäggi, nink awwustus iggawestsel ajal. Amen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikipediasørestisk


Litteratur
  • Hella Keem (1997): Võru keel. Eesti teaduste akadeemia Emakeele selts. Tallinn.


  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.