Sportsklubben Snøgg

(Omdirigert frå SK Snøgg)

Sportsklubben Snøgg er eit idrettslag heimehøyrande på Notodden i Telemark. Snøgg vart skipa 5. mars 1905 og har vore aktivt med i idrettsgreinene bryting, fotball, friidrett, ski, skøyter, symjing og turn.

Brytaren Aage Eriksen vann sølvmedaljen i lettvekts-klassa under Sommar-OL 1948 i London.

I juni 1951 vann Snøgg den eine av to kvalifiseringsgrupper til Hovudserien i fotball. Sesongen 1951/52 deltok laget i den åtte lag store B-avdelinga av Hovudserien. Her møtte Snøgg lag som den komande seriemeisteren Fredrikstad FK, Lyn og Sarpsborg FK. Snøgg enda på sisteplassen med 4 poeng.

Friidrettsutøvarane Grete Etholm og Christian Mogstad har vorte norske meistrar i høvesvis diskoskasting og sprintløp.

Kjelder endre