Società Sportiva Calcio Napoli, til dagleg omtala som Napoli, er ein fotballklubb i Napoli i Italia. Klubben vart opphavleg skipa i 1926, og etter konkurs nyskipa i 2004. Størstedelen av si tid har klubben delteke i Serie A, der han også tevlar i 2013. Napoli har vunne Serie A tre gongar: I 1987, i 1990 og i 2023. Fire gongar har Napoli gått sigerrike gjennom den nasjonale cupmeisterskapen. Største triumfen oppnådde klubben då det vart siger i UEFA-cupen i 1989.

SSC Napoli

Fullt namnSocietà Sportiva Calcio Napoli S.p.A.
KallenamnGli Azzurri «Dei blå»
Il Partenopei «Partenopanarane»
Grunnlagd25. august 1926 (som Associazione Calcio Napoli)
25. juni 1964 (som Società Sportiva Calcio Napoli)
6. september 2004 (som Napoli Soccer)
HeimebaneStadio Diego Armando Maradona
(kapasitet: 54,726)
HovudtrenarLuciano Spalletti
LigaSerie A
2022/231. plass i Serie A
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

I stordomstida for Napoli spela den argentinske, legendariske fotballspelaren Diego Maradona sju sesongar for klubben.

Napoli spelar heimkampane på Stadio San Paulo, eit stadion med plass til 60 240 tilskodarar. Klubbfargane er lyseblå trøyer og kvite bukser.

Kjelder endre