Stax (japansk 有限会社スタックス Yugen-gaisha Sutakkusu) er eit japansk føretak som produserer elektrostatiske høyretelefonar. Føretaket vart stifta i 1938.[1] Produksjonen av dei fyrste elektrostatiske høyretelefonane, SR-1, tok til i 1960.

STAX

Skipa1996
LandJapan
Nettstadhttp://www.stax.co.jp/, https://www.stax.co.jp/
STAX SR-404 elektrostatiske høyretelefonar og SRM-006t røyrforsterkar.

Elektrostatiske høyretelefonar har høg inngangsimpedans og krev difor høg drivspenning (nokre hundre V, noko som kan oppnåast enten med å nytta signaltransformatorar eller effektforsterkarar med høg utgangsspenning. Nokre av høyretelefonane til STAX vert leverte med transformatorar og andre modellar med røyrforsterkarar, som arbeider med spenningar som høver for å driva elektrostatiske høyretelefonar. I motsetnad til røyreffektforsterkarar for svingspolehøgtalarar treng ikkje desse forsterkarane utgangstransformator.

Det er dei elektrostatiske høyretelefonane som har gjort STAX kjent, men føretaket har òg produsert elektrostatiske høgtalarar, tonearmar og pickupar til platespelarar, CD-spelarar, osv.

I 1995 gjekk STAX konkurs, men starta opp att året etter.[1] I 2011 vart føretaket kjøpt opp av det kinesiske føretaket Edifier.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Company & History». stax-international.com. STAX Limited. Henta 17. november 2023. 
  2. «Our Story -【Edifier】», www.edifier.com, henta 17. november 2023 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: STAX