SYNOP eller ein synoptisk observasjon er ei spesiell kodeform for formidling av vêrobservasjonar. Koden vert sett saman av tal delt opp 5 tals grupper.

Med ordet synoptisk meiner ein samtidig, det vil sei at observasjonane vert gjort samtidig frå SYNOP-stasjonar over heile verda. Dermed får ein eit samla bilete over vêret over heile verda. Talkoden vert både nytta av kraftige datamaskiner som reknar ut vêrprognosar for å varsle vêret framover i tid, eller av meteorologar for å følgje med på vêrutviklinga.

SHIP er ei maritim utgåve av ein SYNOP som er tilpassa og vert nytta av båtar og oljeplattformer.

Koden omfattar alt som vert observert på ein vêrstasjon, som temperatur, doggpunkt, vind, nedbør, lufttrykk, skydekke, skyhøgd, skytype og vêrfenomen (t.d. regn, tåke, torevêr, i alt 99 forskjellige typar vêr). Mange synopstasjonar er i dag vorte automatstasjonar, der informasjon om skydekke og vêrfenomen ikkje er med i koden.

Døme på ein SYNOP: 01492 11257 80302 10017 20008 39941 40060 54000 6//// 71052 886// 333 4//// 91103 555 0/402 4////=

I Noreg er det Meteorologisk institutt som står for innsamling av slike observasjonar.

Bakgrunnsstoff endre