Sacalin er ei ny øy i Svartehavet utanfor kysten av Donaudeltaet i Romania. Øya ligg utanfor Sfântu Gheorghe-greina av Donau. Sacalin bestod opphavleg av to mindre øyar, Sacalinu Mare (Store Sacalin) og Sacalinu Mic (Vesle Sacalin). Etter kvart vart området mellom dei to øyane fylt att med sediment frå elva og voks saman til ei øy. Dei rumenske styresmaktene har erklært området eit økologisk reservat og det er ikkje lov med busetnader på øya.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Romania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.