Eit sadelledd eller salledd (articulatio sellaris) er eit ledd der dei motståande leddflatene er innbyrdes konkavokonvekse. Ledda kan røre seg på same måte som eggledd, nemleg gjennom fleksjon, ekstensjon, adduksjon, abduksjon og sirkumduksjon, men ikkje aksialt. Sadelledd er eit toaksa ledd, det vil seie at det kan røre seg langs sagittalplanet og frontalplanet.

1: Kuleledd; 2: Eggledd; 3: Sadelledd; 4: Hengselledd; 5: Glideledd

Døme på sadelledd er grunnleddet i tommelen, handleddet og sternoklavikularleddet.

Fleire bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.