Sagtang
Sagtang
Sagtang
Systematikk
Rike: Det gule riket Chromista
Rekkje: Ochrophyta
Underrekkje: Phaeista
Klasse: Brunalgar Phaeophyceae
Orden: Tang Fucales
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Sagtang F. serratus
Vitskapleg namn
Fucus serratus

Sagtang er ei vanleg brunalge i strandsona i Noreg.

Skotspiss hos sagtang Fucus serratus som viser orange hannleg reseptakkel med konseptakler (gropar) som inneheld sædceller
Skotspiss hos sagtang Fucus serratus som viser sterile konseptakler som inneheld kvite hår, ikkje egge- eller sædceller

Utsjånad endre

Ein kraftig brunalge som kan verte opp til 1 m høg. Planta er flat og noko vifteforma med 1-3 cm breie greiner. Tangen er alltid lett å kjenne på den sagtakka kanten, og har ei markert midtribbe som går over i ein tynn stilkforma del nedst. Han- og hoorgana (receptaklane) finst aldri på same planta. Dei veks fram om hausten som ein tjukkare del i vanlege greinendar og er omgjevne av ein steril sagtakka kant. Befruktinga går føre seg i april-mai.

Utbreiing endre

Tangen finst langs atlanterhavskystane i Europa frå Svalbard til Portugal, på Kanariøyane og på austkysten av Nord-Amerika. Arten er introdusert på Island og Færøyane gjennom dei siste 1000 åra.

Førekomst i Noreg endre

Tangen er vanleg langs heile kysten, også langt inne i fjordane. I eit normalt klippestrandprofil på skjerma kyst dannar sagtang eit markert belte (sagtangbeltet) frå like under lågvasslina til ned til om lag 2-3 m djupn, der tareartane tek over. Sagtang si grense oppover vert ofte brukt til å definere litoralsonen si nedste grense.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Fucus serratus» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2012.
  • Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).

Bakgrunnsstoff endre